Totalt 4.281 personar reiste med fly over Stord lufthamn i november månad. Hittil i 2015 (januar-november) har det reist 44.058 personar over lufthamna. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein auke på 8.898 personar eller 25,3 prosent.

Stord lufthamn er framleis den lufthamna i Noreg som kan visa til den største prosentvise auken i passasjertrafikken. Lufttrafikktenesta på Stord lufthamn registrerte i november 406 flyrørsler i luftrommet sitt. Hittil i år er det registrert 8.224 flyrørsler. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein auke på 314 flyrørsler eller 3,97 prosent.

JETPAK registrerte i november 466 kg med frakt over lufthamna.

(kjelde: stord lufthamn)

 

Kommentarer