logo-white

Anbodskonkurranse om ny lufthamn i Mo i Rana kan lysast ut

– Regjeringa ønskjer eit godt flytilbod i heile landet. Ved Mo i Rana i Nordland er det teke eit spanande initiativ for å byggje ei ny lufthamn, og Polarsirkelen Lufthavnutvikling ønsker å lyse ut ein anbodskonkurranse om bygging. Det bekreftar eg no at dei står fritt til å gjere, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Samferdselsminister Jon Georg Dale. (Foto: Torbjørn Tandberg)

Det har vore eit sterkt lokalt ønske om ein ny lufthamn i Mo i Rana. Polarsirkelen Lufthavnutvikling (PLU) har dermed ønskt å lyse ut ein anbodskonkurranse om bygging av ei ny lufthamn ved Mo i Rana. Samferdselsministeren bekreftar no at PLU eller andre står fritt til å lyse ut ein slik anbodskokurranse.

– I stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2018 – 2029 er det sett av eit statleg bidrag til ei ny lufthamn ved Mo i Rana i andre delen av planperioden, det vil seie i perioden 2024 – 2029. Dette betyr at ein anbodskonkurranse no skjer på PLU si eiga rekning og risiko. Det same gjeld ved ein eventuell byggjestart før Stortinget har løyvt midlar, seier Statsråd Jon Georg Dale

Utbyggings- og driftsmodell for ei ny lufthamn ved Mo i Rana er ikkje avklart. PLU har ønskt at Avinor skal gje bistand til arbeidet og det bekreftar samferdselsministeren at dei kan be om på deira eiga rekning.

Les også: 300 millioner til Polarsirkelen lufthavn (februar 2017) – Ny regional lufthavn på Helgeland (mars 2017) – Avinor har levert konsesjonssøknad og forprosjekt for Polarsirkelen lufthavn (desember 2015) – Avinor har levert et godt beslutningsgrunnlag (desember 2014) – Regjeringen: Regionale konsekvenser ved endring av lufthavnstrukturen på Helgeland skal utredes (desember 2014) – Avinor skal planlegge for en stor lufthavn ved Mo i Rana (september 2014)

Nettsidene til Polarsirkelen Lufthavnutvikling finner du HER

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(AI-generert illustrasjon)

Luftfotografi i hjemmet: En ny dimensjon av kunst og estetikk

Havila Polaris (Foto: Martin Giskegjerde/Oclin - Havila Kystruten)

Erna Solberg blir gudmor når Havila Pollux døpes i Bergen

DAT - ATR 42 - Florø - Lufthavn - Sunnfjord - Vestland fylke

FOT-rutene: Vil utrede hvordan flyrutetilbudet kan bli best mulig

(Foto: Kanchanara på Unsplash)

Kryptovaluta belønninger: En ny æra for casinolojalitet

Dronebilde tatt over  Oslo lufthavn (Foto: UAS Norway, Anders Martinsen)

Nye konserndirektører i Avinor