logo-white

Berg-Hansen satsar ytterlegare på Vestlandet – ynskjer å skape fleire lokale arbeidsplassar

Reisebyrået Berg-Hansen Nordvest AS har i dag en sterk posisjon i Møre og Romsdal med sine 25 tilsette og formidlar reiser for 400 millionar i året. No styrkar selskapet seg ytterlegare med etablering også i Førde. – Vi ynskjer å tilby våre tenester til reisande i regionane Sogn og Fjordane, samtidig som vi bidreg til fleire lokale arbeidsplassar,  seier administrerande direktør for Berg-Hansen Nordvest AS, Sindre Skurtveit.

Sindre Skurtveit - Direktør - Berg-Hansen reisebyrå
Sindre Skurtveit (Pressebilde: Berg-Hansen)

Berg-Hansen er eit av dei få store norskeigde reisebyråa som er att. Dei siste åra har Berg-Hansen, som har eit heileigd norsk eigarskap, ein strategi om å forsterke seg lokalt over heile landet, ein motstraums strategi til konkurrentane som trekker seg meir og meir ut av Norge.

– Vi ser en stor verdi ved å være på plass lokalt der kundane er. No når stadig fleire organiserer reisene sine digitalt, har vi stor nytte av at nokon er tilstade lokalt og kjenner kundane sine behov på kroppen. Det er viktig for oss å kunne gå i direkte kundemøter, snakke med oppdragsgjevaren og forstå dei lokale reisebehova. Dei reisande set også pris på å snakke med nokon som kjenner til deira reisevanar og ynskjer, fortel Skurtveit.

Sjølv om koronaen har sett ein stoppar for mykje av reiseaktiviteten, er det framleis slik at nokre må reise.

– Her på Vestlandet har reiseaktiviteten vore større enn det vi har sett elles i landet. Det er først og fremst energi- og marinesektoren som bidreg til dette, fortel Skurtveit.

Det var først når Fjordane Reisebyrå bestemte seg for å legge ned at Skurtveit ynske å gå inn i denne marknaden.

– Berg-Hansen har ein vekststrategi og vi ynskjer å tilby våre tenester til ein større marknad også på Vestlandet. Vi hadde nok venta til etter koronaen om det ikkje var for at Fjordane valde å legge ned. Det blei eit rom for oss, som vi ikkje kunne la passere. Difor er eg også veldig glad for at vi kan ta med dagleg leiar i Fjordane Reisebyrå, Anne Oline F. Gullaksen, med på laget. Ho kjenner marknaden godt og vert med å utvikle vår posisjon her, seier Skurtveit.

Skurtveit har også planer om å tilsette fleire.

– Vi håper satsinga ber frukter og at vi kan få med fleire på laget. Dette er  noko av drivkrafta bak vår strategi. Vi ynskjer å skape sterke lokale selskap, som kan demme opp for dei reisebehov nordmenn har, samtidig som vi skaper fleire lokale arbeidsplassar. På den måten gjer vi noko viktig for både lokalsamfunnet – men også for Norge som heilheit, der vi bidreg til skatteinntekter, seier Skurtveit. 

Fleire nyhende om Berg-Hansen finner du HER

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

Padling er populært, her fra Sørenga i Oslo (Foto: Marius Dalseg/DNT)

Slik blir det påskestemning der du er

(kilde: travelmarket.dk)

Dansk Flyprisindex – Uge 16 2024

(fotokilde: goturkiye.com)

Utenfor allfarvei i Tyrkia: Dra på roadtrip langs Antalyakysten

(Foto: ©otoerres)

Reiselivsmagasinet på RadioRiksOslo skjærtorsdag 28. mars 2024

(Foto: William Bout på Unsplash )

Hvordan planlegge ferien med barn med bil? Hva du bør vurdere når du planlegger ruten. Fritid for barn i bilen