– Regjeringa ønsker å gjere det så enkelt som mogleg å ferdast i trafikken. No sørger vi for at idrettslag og organisasjonar får rabattar på ferjer, sjølv om dei nyttar fleire køyretøy. På den måten aukar vi fleksibiliteten for personar, lag og organisasjonar som reiser saman, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

E39, Halhjem fergekai, Os, Hordaland
– No får idrettslag og organisasjonar rabatt på ferjer, sjølv om dei nyttar fleire køyretøy. I tillegg får personar utan bil 17 prosent rabatt på eit eige rabattkort, seier samferdselsminister Jon Georg Dale. (Foto: Olav Heggø – bildet er fra Halhjem fergekai, Os, Hordaland)

Etter innføringa av AutoPASS-ferjekort, bad Samferdselsdepartementet om en særregel slik at idrettslag og organisasjonar kunne betale med rabattkortet. På bakgrunn av dette leverte Statens vegvesen i november eit framlegg for ferjetakstar 2020.

– Vi ønsker ei vidareføring av særregelen. Det bør vere ei løysing der ein kan betale med eit AutoPass-ferjekort for fleire køyretøy, når det køyrer saman på same ferjeavgang. Det er ikkje alle som køyrer buss når dei skal på arrangement. Med denne endringa gjer vi det enklare og billigare å vere på tur med idrettslaget eller ein organisasjon, seier samferdselsministeren. 

17 prosent rabatt for personar

Det vert òg innført eit eige rabattkort for personar som reiser utan køyretøy. To personar kan knytast til kortet. Førehandsinnbetalinga er minimum 400 kroner og rabattsatsen er 17 prosent.

– Dette er ein fleksibilitet kundane har vore vande til, og som vi no gjeninnfører. Dette vil sikre passasjerane same rabatt som før, fram til løysingane som gjer det gratis å reise for passasjerar utan bil er på plass, seier Dale.

Dei nye takstane trer i kraft 1. januar 2020.

Fleire relaterte saker finn du HER og HER

Kommentarer