logo-white

Countrystemning i Nærøyfjorden

Dagane 30. juli – 06. august kjem den amerikanske countryartisten Ry Bradley og bandet hans til Flåm og den vesle bygda Dyrdal i Nærøyfjorden. I løpet av veka held dei ikkje mindre enn åtte konsertar på ulike lokasjonar. Det vert ei veke med ugløymelege dagar med countrytonar rungande mellom fjord og fjell.

Ry Bradley - Country & Western - Artist - USA
Ry Bradley (Pressebilete: Norways`s Best)

Ry Bradley er ein prisvinnande musikar busett i Nashville, USA, der han skriv eigne låtar inspirert av blues rock & roll og country. Han spelar også gode gamle slagerar frå mellom anna Johnny Cash, Buddy Holly og Elvis. Det vert vanskeleg å sitje stille når han og bandet set i gong med musikken sin.

Les meir på Ry Bradley si heimeside HER

Nærøyfjorden - Norway`s Best - Elektrisk cruisekatamaran - Seasight-design
Legacy of the Fjords er den tredje og nyeste av de tre helelektriske katamaranene til Norway`s Best i det prisebelønnede Seasight-designet (Pressebilete: Norway`s best/Sverre Hjørnevik)

Unik oppleving i verdsarvfjorden

Fleire av konsertane har Dyrdal som arena, noko som gjev ei unik moglegheit til å oppleve denne idylliske, veglause bygda midt i Nærøyfjorden.

Her finst det berre ein fastbuande, Arild Dyrdal, som tidlegare har vore med på NRK-programmet “Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”. På dagkonsertane måndag 2. og fredag 6. august tar han med konsertgjestane på ei lita omvising med historieforteljing om grenda. 

Fretheim Hotel - Flåm
Fretheim Hotel (Foto: Sverre Hjørnevik)

Seks dagar, åtte konsertar

Fredag kveld er det i Flåm det skjer. Hagekonsertane til Fretheim Hotel er kjent for god stemning, og det vert ikkje dårlegare denne kvelden. Medan Bradley og bandet står på scenen, diskar kjøkkenet opp med grillmat.

Dei to siste konsertane vert om bord på Legacy of The Fjords på ettermiddagsruta mellom Flåm og Gudvangen. Dei elektriske fartøya har dei siste åra blitt populære konsertarenaer, og det vert ikkje mindre spektakulært denne gongen.

Ry Bradley - CT Band - Country & Western - USA
Countryartisten Ry Bradley og bandet hans vitjar Dyrdal og Flåm i sommar (Pressebilete: Norway`s best)

Program for veka:

  • Fredag 30.07: Hagekonsert på Fretheim Hotel
  • Laurdag 31.07: Kveldskonsert i Dyrdal
  • Måndag 02.08: To dagkonsertar i Dyrdal
  • Tysdag 03.08: Ettermiddagskonsert på Fjord Cruise Nærøyfjord
  • Onsdag 04.08: Ettermiddagskonsert på Fjord Cruise Nærøyfjord
  • Fredag 06.08: To dagkonsertar i Dyrdal

Sjå fullt program HER (ekstern lenkje)

Fleire relaterte artiklar og nyhende finner du HER, HER og HER

Nettsidene til Norway`s best finner du HER

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto: Qatar Airways)

Hamad International Airport kåret til “Verdens Beste Flyplass” under Skytrax World Airport Awards 2024

(Bilde/illustrasjon: apollo reiser)

Apollo lanserer nye reiser til «Destinasjon Ukjent»

Radisson Hotel & Conference Centre Oslo Airport har 52 moderne og fleksible møterom (Foto: Radisson Hotel Group)

Erfaren hotelldirektør vender tilbake til Oslo Lufthavn Gardermoen

Røst lufthavn (Foto: Øystein Løwer/Avinor)

Daniel Østensen ny lufthavnsjef for Røst og Værøy