– Eit samrøystes styre i NSB, inkludert representantane til dei tilsette, meiner at det er riktig å endre namn. Eg har sagt at eg ikkje vil motsette meg ønsket til styret. Generalforsamlinga har i dag dermed vedtatt namneendringa, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Samferdselsminister Jon Georg Dale. (Foto: Torbjørn Tandberg)

12. mars blei det gjort kjent at Norges Statsbaner (NSB) går inn for å samle persontogverksemda og bussverksemda under ei felles merkevare med det nye namnet Vy.

Om Vygruppen AS

Vygruppen AS er eit aksjeselskap fullt ut eigd av staten ved Samferdselsdepartementet.

Vygruppen er eit av Noregs største transportkonsern og har i tillegg verksemd i Sverige. Selskapet består av verksemdsområda persontog, buss, bybil og reiseliv. I tillegg eig Vygruppen godstogverksemda CargoNet. Selskapets hovudkontor ligg i Oslo.

Vygruppens samfunnsoppdrag er å sørge for effektiv, tilgjengeleg, sikker og miljøvenleg transport av personar og gods. Selskapet skal drive persontrafikk med tog i Noreg, transport av personer og gods i Noreg og andre nordiske land, og verksemd som står i naturleg samanheng med dette.

Les også: Nettbuss Bus4You blir Vy Bus4YouNSB og Nettbuss skifter navn til Vy

Flere saker om VY (tidligere NSB) finner du HER

Vy sine nettsider finner du HER og NSBs “gamle” nettsider ligger HER

NSB blir til Vy (illustrasjon: Samferdselsdepartementet)