logo-white

Ferjesambandet Anda-Lote: Avgang kvart 20. minutt

Det blir 20-minuttsavgangar på ferjesambandet E39 Anda-Lote i Nordfjord seinast ved starten av neste anbodsperiode, 1. januar 2017. Det går fram av budsjettforliket for 2015.

Ferjestrekninga bind saman kommunane Eid og Gloppen, og overfarten tek i dag rundt åtte minutt. På dagtid er det ein halvtime mellom ferjeavgangane.

– Fleire avgangar gjer at folk treng tenkje mindre på rutetabellen. Avgangar kvart 20. minutt vil bety ein meir fleksibel kvardag både for folk og næringsliv, og vere eit løft for utviklinga i heile regionen, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

I tillegg har regjeringa i budsjettet for 2015 løyvd midlar til ekstra ferjer på strekningane E 39 Molde-Vestnes og E 39 Halsa- Kanestraum.

– På desse sambanda har bilar stadig stått att på ferjekaia fordi ferja har vore full. Sterk trafikkvekst gjorde at ein styrka sambandet Halsa-Kanestraum med ei tredje ferie frå juli til oktober. I statsbudsjettet for 2015 løyvde vi midlar til å gjere denne ekstra ferja permanent. Også ferjesambandet mellom Molde og Vestnes får ei ekstra ferje.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

Frilager er en utstyrssentral som har alt til turen. Du som privatperson, skole, lag eller organisasjon kan leie kano, telt, fiskeutstyr, turutstyr, kajakk, skiutstyr, skøyter og mye mer (Foto: Marius Dalseg)

Enklere å låne utstyr til friluftsliv

Terminalbygget på Mo i Rana lufthavn, Røssvoll (Foto: Hedda Hiller/Avinor)

Mo i Rana lufthavn Røssvoll holder stengt i hele juli

(Foto: Ģirts Raģelis)

Guide: Møt sommeren i Riga

Viking Yi Dun utenfor Shanghai (Bilde: Viking)

Viking tilbyr nå Mongolia på sine Kina-cruise

The new signature drink Avionic will be served with nuts as a welcome drink on board before take-off (Photo: Lufthansa)

New culinary highlights in Lufthansa Business Class