logo-white

Fiskeriminister Per Sandberg: – Turistfiske må vere berekraftig"

Regjeringa vil krevje registrering av verksemder og rapportering av fangst frå turistfiske.

Statsråd Per Sandberg (Foto: Paul Paiewonsky )

– Turistfiskenæringa er ei viktig distriktsnæring som bidrar til arbeidsplassar og aktivitet langs kysten. Næringa er i rask vekst, og det er behov for regulering for å sikre eit berekraftig ressursuttak, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Regjeringa har  lagt fram ein lovproposisjon om endringar i havressurslova- Proposisjonen gjeld to ulike saker.

Det eine lovforslaget gjev departementet nødvendige lovheimlar til både å kunne krevje registrering av verksemder og rapportering av fangst.

Det andre forslaget går ut på å oppheve fiskeriforbodslova og flytte dei attverande føresegnene til havressurslova. Forslaget inneber ei forenkling av fiskeriregelverket ved at ei unødvendig lov vert oppheva, og ved at aktuelle føresegner vert oppdaterte og moderniserte.

Høyringsinstansane var gjennomgåande positive til lovforslaget. Dersom Stortinget vedtek dei føreslåtte lovendringane, vil departementet arbeide vidare med å følgje opp høyringa frå 28. september 2016 som inneheld ulike tiltak retta mot turistfiskenæringa.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

Padling er populært, her fra Sørenga i Oslo (Foto: Marius Dalseg/DNT)

Slik blir det påskestemning der du er

(kilde: travelmarket.dk)

Dansk Flyprisindex – Uge 16 2024

(fotokilde: goturkiye.com)

Utenfor allfarvei i Tyrkia: Dra på roadtrip langs Antalyakysten

(Foto: ©otoerres)

Reiselivsmagasinet på RadioRiksOslo skjærtorsdag 28. mars 2024

(Foto: William Bout på Unsplash )

Hvordan planlegge ferien med barn med bil? Hva du bør vurdere når du planlegger ruten. Fritid for barn i bilen