logo-white

Flåm AS medeigar i Arctic Train

Flåm AS, ein av Noregs største reiselivsaktørar, går inn som eigar i Arctic Train med ein eigardel på 33,5 prosent, og har opsjon på å auke eigardelen til 51 prosent. Arctic Train i Narvik opererer turisttog på Ofotbanen, Noregs nordlegaste jernbane og rekna som ei av Europas vakraste togreiser, på same måte som Flåmsbana.

Artic Train - Narvik - Ofotbanen - Kiruna - Flåm AS
Flåm AS vert medeigar i Arctic Train. Frå venstre Karl Aksel Vik (Taraldsvik AS, styreleiar i Arctic Train Holding), Solrun Hjelleflat (dagleg leiar Flåm AS), Kjetil Strand (dagleg leiar PRS Holding AS) og Per Strand (styreleiar PRS Holding AS) (biletekjelde: visitflam.com)

Samarbeidet mellom Arctic Train og Flåm vil styrke eit heilskapleg reiselivstilbod til både nordmenn og internasjonale turistar heile året.

– Det har vore ei fantastisk spanande reise so langt og vi gler oss til å få Flåm AS inn som medeigar og samarbeidspartnar. Saman skal vi gjere Arctic Train til eit fyrtårn i nord-norsk reiseliv. No skal vi vidareutvikle Arctic Train og gjere Narvik til eit enno meir attraktivt reisemål. Flåm er høgt respektert i reiselivsbransjen, og vi ser fram til å dra nytte av erfaringane og kunnskapen deira, seier Karl Aksel Vik, styreleiar i Arctic Train Holding.

Artic Train - Narvik - Ofotbanen - Kiruna - Flåm AS
Artic Train opererer på Ofotbanen mellom Narvik i Noreg og Kiruna i Sverige (biletekjelde: visitflam.com)

– Vi ser fram til å bli eigar i Arctic Train, ein av Noregs mest spektakulære turistattraksjonar. Vi har utvikla Flåm til å verte eit av verdas mest attraktive turistmål med Flåmsbana som grunnlag. No vil vi vere med på utviklinga i Narvik og investeringa i Arctic Train er første steg på vegen. Dette vil styrke norsk reiseliv sin posisjon internasjonalt med flotte togopplevingar både i fjordane og i Nord-Noreg, seier Solrun Hjelleflat, adm. dir. i Flåm AS og konsernsjef i Aurland Ressursutvikling.

Samarbeidet tek til med ein gong, og Flåm AS vil gå inn med to styremedlemar i selskapet. Arve Tokvam frå Flåm AS vert ny styreleiar i Arctic Train Holding AS.

Eigarstrukturen i Arctic Train Holding AS vil etter emisjonen sjå slik ut: PRS Holding AS (33,25 %), Taraldsvik AS (33,25 %) og Flåm AS (33,5 %).

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

Sir Tim Clark - Emirates - Lifetime Achievemen - Aviation Business Awards- t Award -

Dubai, UAE og DXB er tilbake til normalen etter noen surrealistiske døgn

(Illustrasjon: Metropolis)

Lover sommerens fineste hotellnyhet

(Foto: Aarhus Airport)

SAS åbner en ny rute til danskernes skiparadis fra Aarhus

(Photo: Radisson Hotel Group)

Radisson Hotel Group leads growth in Q1 2024 with focus on APAC and new markets

Oslo lufthavns lounge på utland har gjennomgått omfattende oppussing (Foto:  Avinor)

Oslo lufthavns lounge på utland pusset opp