logo-white

Flåm AS permitterer 96 tilsette

Flåm AS har sendt ut permitteringsvarsel til 96 tilsette. Fretheim Hotel og Flåm Bakeri blei stengt måndag og vil haldas stengt inntil vidare. Når det gjeld andre overnattings- og serveringstilbod, som Heimly Pensjonat og Toget Kafé, så er det tvilsamt om desse i det heile vert opna i sesongen 2020. Det same gjeld Hotel Aurlandsfjord (tidlegare Aurland Fjordhotell), som Flåm AS overtok hausten 2019, og som var planlagt opna etter renovering i siste halvdel av mai.

Vinter - Flåm - Fretheim Hotell - Bålpannekos
Fretheim Hotell blei stengt på måndag og vil haldas stengt inntil vidare (Foto: Sverre Hjørnevik / Visit Flåm)

Dei tilsette fekk varsel om permittering i dag. Dei fleste er hundre prosent permitterte, medan ein del tilsette inntil vidare er delvis permitterte. Dette for at selskapet skal kunne ivareta nødvendig oppfølging av drift, kundar og tilsette.

Solrun Hjelleflat (visitflam.com)

– Det er med tungt hjarta at vi tek denne avgjerda om å permittere våre dyktige tilsette. Slik det ser ut no er dette einaste utveg for å verne om arbeidsplassane og verksemda. No er det viktigaste for alle å bidra til at viruset ikkje spreier seg vidare, slik at vi får kontroll over dette, seier Solrun Hjelleflat, adm. dir. i Flåm AS og Aurland Ressursutvikling AS.

– Vi er takksame for dei tiltaka som regjeringa no set i verk for å hjelpe næringslivet. Dette skal vi kome oss gjennom og då må vi vere klare til å opne opp att tilboda våre. Vi har stor omtanke for våre tilsette som no må ut i permittering, og vi ser fram til den dagen vi har alle i full drift att. Eg må også takke for den fantastiske innsatsen og den utrulege haldninga alle tilsette viser i ei svært vanskeleg tid for alle. Dette er ein global dugnad som alle må bidra til at vi skal kome oss ut av, seier Hjelleflat.

Flåmsbana, som Aurland Ressursutvikling eig saman med Vygruppen, går enno som normalt. Justering av driftsopplegg vert vurdert fortløpande. Kundesenteret vert halde ope så lenge det går tog på bana. Inntil vidare er det ingen permitteringar i Flåm Utvikling AS, som driftar Flåmsbana.

Vinter - Flåm - Flåmsbanen - Tog - Jernbanelinje
Flåmsbana kjøyrer som normalt – inntil vidare (Foto: Sverre Hjørnevik/Flåm AS)

The Fjords, som er eigd av Flåm AS og Fjord1, har stoppa sightseeingaktiviteten på Nærøyfjorden, i første omgang fram til 26. mars. Selskapet har kansellert alle avgangar på Geirangerfjorden fram til 29. april.

The Fjords sin aktivitetsplan for resten av sesongen blir vurdert etter kvart som situasjonen utviklar seg. Det er sendt permitteringsvarsel til alle tilsette, med unnatak av personell som trengs for å ivareta tryggleik og vedlikehald av fartøy.

Fleire relaterte nyhende og artiklar finner du HERHER og HER

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

Padling er populært, her fra Sørenga i Oslo (Foto: Marius Dalseg/DNT)

Slik blir det påskestemning der du er

(kilde: travelmarket.dk)

Dansk Flyprisindex – Uge 16 2024

(fotokilde: goturkiye.com)

Utenfor allfarvei i Tyrkia: Dra på roadtrip langs Antalyakysten

(Foto: ©otoerres)

Reiselivsmagasinet på RadioRiksOslo skjærtorsdag 28. mars 2024

(Foto: William Bout på Unsplash )

Hvordan planlegge ferien med barn med bil? Hva du bør vurdere når du planlegger ruten. Fritid for barn i bilen