logo-white

Flåm i historisk vekst

– Det har aldri vore så god butikk i Flåm som vi har no, fortel Solrun Hjelleflat, konsernsjef i Aurland Ressursutvikling.

Solrun Hjelleflat (visitflam.com)

Aurland Ressursutvikling set stadig nye rekordar. Dei kan vise til at dei andre tertial i 2017 (1. mai til 31. august) hadde ein omsetnad på 163,3 millionar kroner – 35,2 millionar kroner meir enn same tertial i 2016. Resultat før skatt (EBITDA) auka med 28,1 millionar.

Vekst i alle endar

Den samla omsetnaden i 2017 fram til 31. august er på 176,7 millionar kroner, noko som er ein vekst på 28 prosent samanlikna med same tidsrom i fjor.

Hjelleflat fortel at veksten i omsetnadane er knytt til auken i talet besøkjande som nyttar Flåm sine aktivitetar, i tillegg til auke i innteningar for per enkelt reisande.

– Med stor auke i reisande er det viktig at vi har god logistikk, og at vi har nøgde gjestar. Det krevst både kompetanse og mannskap, poengterer ho.

Konsernet sin langsiktige innsats på marknadsføring, sal, distribusjon og styring av kapasiteten viser seg å ha gitt effekt for Flåm AS og dei felleskontrollerte verksemdene The Fjords DA og Flåm Utvikling AS.

Veksten kjem både i form av auka førehandssal, effektiv logistikk, prisdifferensiering og meirsal i alle kanalar. Dei tre selskapa har no til saman 80 heiltidstilsette i tillegg til 250 sesongarbeidarar.

Å løfte vinteren i Flåm som reisemål har og blitt satsa tungt på. Det har gitt gode resultat:

– Det er ei stor glede for oss å sjå at bestillingar ut året har vakse med 75 prosent samanlikna med same tid i fjor. Men her står det igjen eit stort arbeid før dette blir god butikk, seier konsernsjefen.

Satsar på fleire aktivitetar

– Vi må sørgje for at gjestane får det dei forventar under besøket. Dei vil både ta tog, oppleve fjorden, oppleve spektakulære utsiktspunkt, ete god mat og smake på lokalt øl. Dess fleire tilbod vi har, dess større blir attraksjonen. Her er det fleire pågåande initiativ lokalt. Vikinglandsbyen i Gudvangen er eit flott tilskot, i tillegg til at det er fleire spennande prosjekt på gang både på Vatnahalsen og Aurlandsvangen, fortel Hjelleflat.

Vidareutvikling krev berekraft i fokus

Konsernsjefen legg vekt på at vidare vekst i Flåm er avhengig av fokus på berekraftig reiseliv som tek for seg utviklinga av miljøvennlege opplevingar – og har eit godt samspel mellom lokalbefolkning og turistane. Her må dei spela på fleire felt som krev god samhandling.

Deriblant å kunne handtere veksten på talet besøkande så det ikkje vert belastande for lokalbefolkninga. Informasjon, skilting, parkering, toalett og tilrettelagde publikumsområde er eksempel på tiltak, forklarar Hjelleflat, og utdjupar:

– I tillegg må vi utvikle berekraftige opplevingar for framtida, for elles blir veksten ei kortsiktig glede. Her kan vi trekkje fram at den heilelektriske båten «Future of the Fjords» som The Fjords no har under bygging, og vil stå klar våren 2018. Vi har også eit godt samarbeid med Aurland kommune om tilsetjing av ny prosjektleiar som skal jobba med ulike moglegheiter innanfor energi og miljø”.

– Reiselivet er ein fantastisk moglegheit for arbeidsplassar i Sogn og Fjordane. Dette må vi rigge til slik at det blir arbeidsplassar også for generasjonane som kjem etter oss, understrekar Solrun Hjelleflat.

Sjå fleire B2B-nyhende HER og HER

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

Dronebilde tatt over  Oslo lufthavn (Foto: UAS Norway, Anders Martinsen)

Nye konserndirektører i Avinor

Opel Astra Sports Tourer er en rimelig familiebil som gjorde det godt i NAFs familibiltest (foto: NAF)

Seks av 10 barnefamilier vil ha elbil

Royal Beach Club Collection vil tilby en kombinasjon av opplevelser for alle, fra slående strender og bassenger til bassengbarer, en rekke spisesteder  som restaurant, bar og salong, samt et gatemarked pluss praktiske opplevelser som tequila smaksprøver og matlagingskurs (Foto: Royal Caribbean)

Lanserer ny destinasjon i Mexico: Royal Beach Club Cozumel

Mormor och barnbarn på tåget (Bildkälla: SJ.se)

SJ släpper sommarens biljetter

(Foto: Emmie Bolmstedt/Visit Sweden)

En «swifties» guide til Stockholm