logo-white

Flåm opnar igjen 1. mai

Flåm AS vil frå 1. mai igjen ynskje gjester velkomne, etter at nær all verksemd vart stengt ned og 95 tilsette permittert 16. mars. Normalt er over 95 prosent av gjestene i Flåm frå utlandet, men no vil Flåm tilby nordmenn å oppleve indrefileten av Vestlandet. No er det god plass til alle og strenge smittevernstiltak vil vere på plass slik at alle gjester kan føle seg trygge.

Flåmsbanen - Myrdal - Flåm - Aurlandsfjorden
Flåmsbana beskrives som en av verdens mest spektakulære togreiser, og er en av de mest populære turistattraksjonene i Norge (Foto: Flåm AS/Sverre F. Hjørnevik)

– Vi gler oss til å vise nordmenn dei spektakulære naturopplevingane kinesarar og amerikanarar har reist tusenvis av kilometer for å oppleve. Her er det spektakulær og mektig natur, seier Solrun Hjelleflat, adm. dir. i Aurland Ressursutvikling AS.

Flåm er eit av verdas mest populære reisemål, med Flåmsbana og vakre Nærøyfjorden som hovudattraksjonar, og med store mengder vill natur. Vi kan tilby den norske gjesten spektakulære aktivitetar, vandring og sykling for liten og stor. I Flåm er det all grunn til å bli i fleire dagar.

Les også: Aurland Ressursutvikling + Myrkdalen Fjellandsby= En av Norges største reiselivsaktører12 grunner til å besøke Flåm i vinter

Vinter Flåm - Magishow - Stegasteinen
Fra Stegastein har du fullt overblikk over Aurlandsfjorden og deler av verdensarvområdet (Foto:Sverre Hjørnevik/Visit Flåm)

Aurland Ressursutvikling og Myrkdalen Fjellandsby slo seg saman 3. april, midt i koronakrisa som råka reiselivet hardt. Det fusjonerte selskapet er no ein av Noregs største reiselivsaktørar, med ein årleg omsetnad på ein milliard kroner for alle tilknytte selskap, 500 heilårs- og deltidstilsette og meir enn 1,2 millionar gjester i året. Selskapet planlegg å vekse vidare etter koronakrisa. Myrkdalen er ein populær vinterdestinasjon som no også satsar stort på sommaraktivitetar. Skianlegget vart opna att 24. april.

Fleire relaterte saker finner du HERHERHER og HER

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto: Emmie Bolmstedt/Visit Sweden)

En «swifties» guide til Stockholm

Illustrasjon - Nye Bodø lufthavn - Avinor - 2021

HENT tildelt milliardkontrakt på Nye Bodø lufthavn

(bildekilder: visitnc.com/related.dk)

På stjernejakt i det sørlige USA

(Kilde:/skjermdump: Flightradar24.com)

Avinor: Forsiktig åpning av luftrommet over Sør-Norge

(foto: ©otoerres)

Reiselivsmagasinet på RadioRiksOslo torsdag 25. april 2024