logo-white

Forlenging av bompengeordninga i Kristiansandsregionen

Samferdselsdepartementet har lagt fram forslag om å forlengja bompengeordninga i samferdselspakke for Kristiansandsregionen med inntil to år. Forslaget er utarbeidd etter initiativ frå lokale styresmakter.

Samferdselspakke for Kristiansandsregionen, fase 1 vart vedteken av Stortinget i 2009.  Etter prognosen vil pakken vera nedbetalt i 2018.  Etter initiativ frå lokale styresmakter er det utarbeidd forslag om å forlengja innkrevinga med inntil 2 år (til tidleg i 2020) eller til innkrevinga eventuelt vert avløyst av ein ny bompengepakke for Kristiansandsregionen.

Forlenga innkreving av bompengar er venta å gje midlar til å gjennomføra prosjekt og tiltak for om lag 400 millionar kroner. Midlane vil mellom anna gå til planlegging og prosjektering av E39 på strekninga Gartnerløkka — Kolsdalen i Kristiansand, men òg til innløysing av bustader langs regulerte strekningar på E39. Vidare vil ombygging av Håneskrysset på E18 til eit fullstendig toplanskryss vera eit prioritert tiltak.

Det er òg lagt til grunn at midlar skal gå til sykkel- og kollektivtrafikktiltak. Summen av prosjekt og tiltak må likevel tilpassast økonomisk rammer.

Prop. 134 S (2016-2017) Samferdsespakke for Kristiansandsregionen i Vest-Agder, fase 1 – forlenging av bompengeordninga

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

British Airways celebrates 70 years of flying to Chicago (photosource: ba.com)

As it celebrates 70 years of flying to Chicago, British Airways proves its commitment with third daily service and enhanced customer experience

(AI-generert illustrasjon)

Luftfotografi i hjemmet: En ny dimensjon av kunst og estetikk

Havila Polaris (Foto: Martin Giskegjerde/Oclin - Havila Kystruten)

Erna Solberg blir gudmor når Havila Pollux døpes i Bergen

DAT - ATR 42 - Florø - Lufthavn - Sunnfjord - Vestland fylke

FOT-rutene: Vil utrede hvordan flyrutetilbudet kan bli best mulig

(Foto: Kanchanara på Unsplash)

Kryptovaluta belønninger: En ny æra for casinolojalitet