logo-white

Fornying av førarkort for tungbil skal bli enklare

— Regjeringa vil skape ein enklare kvardag for folk flest og fjerne unødvendige forbod og påbod. I dag er det krav om ny praktisk prøve dersom førarkort for lastebil og buss ikkje er fornya innan eitt år etter at det er gått ut. Det opplever mange som veldig strengt. Desse reglane kan vi forenkle, og ein helseattest bør vere tilstrekkeleg for å få fornya førerkortet, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Statsråd Ketil Solvik-Olsen (foto: samferdselsdepartementet)

Vegdirektoratet sender no på høyring eit forslag til endring i førarkortforskrifta om å oppheve kravet til praktisk førarprøve der førarkort for lastebil og buss (alle C- og D-klassar) er gått ut på dato for meir enn eitt år sidan. Etter forslaget vil helseattest vere tilstrekkeleg for å få fornya førarkort.

— Sjølv om ein ikkje har fornya førarkortet sitt innan fristen, betyr ikkje det at ein ikkje lenger veit korleis ein skal køyre buss eller lastebil. Derfor ønsker vi å oppheve kravet om ny praktisk prøve. Det vil spare både sjåførane og vegmyndighetane for tid og ressursar, seier Solvik-Olsen.

Les flere saker om bil & buss HER – Flere B2B-nyheter finner du HER og HER

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto: Qatar Airways)

Hamad International Airport kåret til “Verdens Beste Flyplass” under Skytrax World Airport Awards 2024

(Bilde/illustrasjon: apollo reiser)

Apollo lanserer nye reiser til «Destinasjon Ukjent»

Radisson Hotel & Conference Centre Oslo Airport har 52 moderne og fleksible møterom (Foto: Radisson Hotel Group)

Erfaren hotelldirektør vender tilbake til Oslo Lufthavn Gardermoen

Røst lufthavn (Foto: Øystein Løwer/Avinor)

Daniel Østensen ny lufthavnsjef for Røst og Værøy