logo-white

Fusk på førarprøva skal gi inntil 1 års karantene

— Å sørge for betre trafikktryggleik er ein av regjeringas viktigaste oppgåver. Difor må vi hindre at førare som ikkje er kvalifiserte slepp ut i trafikken. No foreslår vi at kandidatar som fuskar til førarprøva skal kunne få inntil 1 års karantenetid før dei kan gå opp til ny prøve. Ei lengre karantenetid for dei som fuskar enn for dei som strykar vil både opplevast som rettferdig, i tillegg til å ha ein avskrekkande effekt, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Samferdselsminister Jon Georg Dale. (Foto: Torbjørn Tandberg)

Regjeringa har lagt fram eit lovforslag for Stortinget om endringar i fleire føresegnar i vegtrafikklova.

Mellom anna blir det foreslått at kandidatar som fuskar til førarprøva kan få inntil 1 års karantenetid før ein kan gå opp til ny prøve. I dag får dei som fuskar same karantenetid som dei som stryker, altså berre to eller fire veker før dei kan ta ny prøve. Det har dei seinare åra vore ei auke i talet på fusk til førarprøva. Tiltak som kan bidra til å redusera omfanget av fusk er viktig for å hindre at ukvalifiserte førare slepp ut i trafikken. Slike førare er ein fare i trafikken for seg sjølv og andre.

Lovforslaget kan lesast HER (ekstern lenkje)

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Kilde:/skjermdump: Flightradar24.com)

Avinor: Forsiktig åpning av luftrommet over Sør-Norge

(foto: ©otoerres)

Reiselivsmagasinet på RadioRiksOslo torsdag 25. april 2024

(Foto: Ivan Sardi)

Økende interesse for sykkellandet Kroatia

Sykehusskip: Håndterapeut Yieddy Ferreira jobber med mobilitet sammen med en pasient (Foto: Tirsa Tapia Zamora)

Nytt sykehusskip for gratis kirurgi og opplæring i Afrika sør for Sahara

Fra mellomoppgjøret i 2023 (Foto: HK/LO)

Fare for streik i norske taxfree-butikker