logo-white

Gjenopninga er i gang

Det meste i Flåm har vore stengt sidan seinhausten, men no byrjar det å røre på seg igjen i den vesle reiselivsbygda inst i Aurlandsfjorden. Fretheim Hotel opna dørene måndag 19. april og byr på både kjekke arrangement og opning av nytt konferansesenter utover våren.

Fretheim Hotel - Flåm
Fretheim Hotel opna dørene 19. april, etter å ha vore stengt sidan november (Foto: Sverre Hjørnevik)

– No ser vi fram til ein sesong som i fjor og gler oss til å kunne ynskja gjester velkommen igjen, seier hotelldirektør på Fretheim Hotel, Øivind Wigand.

– Spesielt kjekt er det å få permitterte medarbeidarar tilbake i jobb etter ein vinter med nedstenging.

Allereie laurdag 24. april er det duka for vårens fyrste arrangement på hotellet. For fjerde år på rad diskar kjøkkenet opp med ein stor buffet av sesongens beste sjømat, og Jon Hjørnevik har med seg sine 69 beste dikt og Dagfinn Iversen på gitar for å underhalde.

Sesongopning laurdag 1. mai

Gjennom vintersesongen er det berre Flåmsbana og Flåm Bakeri som har vore i dagleg drift. Flåmsbana aukar gradvis kapasiteten fram mot sommarsesongen, og har sidan før påske hatt fire avgangar per dag.

Sjølve sesongopninga vert markert med aktivitetsdag i Flåm sentrum laurdag 1. mai. Det vert aktivitetar for alle aldrar, med alt frå ponniriding og marknadsdag med lokale leverandørar til natursti ved Brekkefossen og ein smak av Ekstremsportveko. Felles bad vert det òg, med kåring av årets 1.mai-badar. Flåm Store held ope kvar helg frametter

Vidare utover våren vert det òg kulturarrangement om bord på Legacy of The Fjords, etter at Fjord Cruise Nærøyfjord startar igjen frå 21. mai. Alle arrangement vert utført i samsvar med gjeldande smittevernreglar.
Nytt konferansesenter

Fredag 21. mai opnar det splitter nye konferansesenteret til Fretheim Hotel, vegg i vegg med hotellet si historiske avdeling. Med dette får hotellet nokon av dei mest moderne konferansefasilitetane i regionen, og allereie før lenge før opning har bedrifter i området vist stor interesse.

Overnattingskapasiteten aukar fram mot sommaren når både Hotel Aurlandsfjord i Aurland og Heimly i Flåm også opnar dørene i løpet av mai.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto: Norwegian Air Shuttle)

Selvbetjeningskioskene på flyplassene oppgraderes

(Fotokilder: fundaciomallorcaturisme.net/related.dk)

Kulturelle begivenheter på Mallorca

(Foto: Nordic Hotels & Resorts)

Wood Hotel Bodø åpner restaurant ATTME

Kollektivt påskebad i Varberg (Foto: Natalie Greppi)

Påske i Sverige: 10 tips til påskeferie på andre siden av grensa

Seokchon Lake Park med  Lotte World's Magic Island som ligger i hovedstaden Seouls Songpa District  (Foto: Korea Tourism Organization)

Koreas turistorganisation samarbetar med AVIAREPS i Italien och Sverige