logo-white

God trafikkutvikling på Stord Lufthamn

Stord lufthamn registrerte 38.249 reisande over lufthamna i 2014. Dette er ein auke på 7.538 reisande eller 24,5% samanlikna med 2013.

(Kjelde: stordlufthamn.no)
(Kjelde: stordlufthamn.no)

Størsteparten av dei reisande nytta seg av Danish Air Transport (DAT) si flyrute til Oslo. I tillegg til Osloruta har DAT hatt ei rute mellom Stord og Molde 2 gonger pr. veke. Denne flyginga vert no utført som charterflyging i regi av Widerøes Flyveselskap AS.

Det vart i 2014 registrert 8.114 flyrørsler i luftrommet til Sørstokken AFIS. Dette er ein auke på 1.221 flyrørsler eller 17,7% samanlikna med 2013.

Økonomisk støtte frå staten til drift av lufthamna (inntil kr 12 mill pr. år) samt bidrag til tårntenesta (AFIS), pålydande kr 6 mill pr. år bidreg til at lufthamnselskapet sikrar økonomisk balanse i drifta av Stord lufthamn i 2014.

Trafikkprognosane for 2015 er positive. Lufthamnselskapet forventar auke i talet på reisande til Oslo og Molde. DAT har etablert Stordflyet.no og auka frekvensen på Osloruta frå 13 til 16 rundturar pr. veke. Widerøes kjem også til å auka frekvensen på charterflygingane sine frå Stord til Molde frå 2 til 5 rundturar pr. veke. Det er Kværner Stord som har sett opp charterflyginga til Molde i samband med utbygginga av Ormen Lange prosjektet på Aukra.

Flyselskapa som flyg på lufthamna kan visa til ein svært god regularitet og punktlighet på flygingane sine.

Stord lufthamn vert mykje nytta til treningsflyging av fly og helikopter. Stord flyklubb og Bergen Aero Klubb er flittige brukarar av lufthamna. Lufthamna vert også regelmessig nytta av luftambulanse og redningshelikopter i samband med søk- og redningsaksjonarer i distriktet. Ambulansefly er ofte på besøk i samband med sjuketransportar.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(kilde: travelmarket.dk)

Dansk Flyprisindex – Uge 16 2024

(fotokilde: goturkiye.com)

Utenfor allfarvei i Tyrkia: Dra på roadtrip langs Antalyakysten

(Foto: ©otoerres)

Reiselivsmagasinet på RadioRiksOslo skjærtorsdag 28. mars 2024

(Foto: William Bout på Unsplash )

Hvordan planlegge ferien med barn med bil? Hva du bør vurdere når du planlegger ruten. Fritid for barn i bilen

(Bildekilde: Amadeus)

Bærekraftig drivstoff – hvilken rolle spiller det for avkarboniseringen av luftfarten?