logo-white

Haugesund lufthamn får overgangsordning slik at arbeidet med ruteutvikling kan halde fram

– Haugesund lufthamn er viktig for regionen, og regjeringa vil bidra til at lufthamna kan utvikle seg vidare. Vi vil derfor legge til rette for lokale ønskjer om å teste ut ein annan driftsmodell, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Statsråd Ketil Solvik-Olsen (foto: samferdselsdepartementet)

Det har over tid vore lokale ønskjer om at Haugesund lufthamn skal kunne drivast utanfor Avinormodellen. Før jul i fjor blei det derfor bestemt at drifta av Haugesund lufthamn skulle ut på anbod, som eit pilotprosjekt. Prosessen er no i gang, men dette er eit omfattande arbeide som kan ta noko tid.

– Samferdselsdepartementet vil no be Avinor om å etablere ei overgangsordning for å sikre kontinuitet i arbeidet med ruteutvikling. Ordninga skal gjelde fram til arbeidet med anbodskonkurransen er fullført, seier Solvik-Olsen.

Avinor har i dag ansvaret for drifta av Haugesund lufthamn, medan det er lokale aktørar som står for arbeidet med ruteutvikling. Etter at drifta er sett ut på anbod, i form av ein tenestekonsesjon, skal Avinor framleis eige lufthamna.

Dagens avtale om ruteutvikling mellom Avinor og Lufthavnutbygging AS går ut 1. mai 2018. Overgangsordninga skal gjelde frå denne datoen, og fram til arbeidet med å setje drifta av lufthamna ut på anbod er fullført.

Overgangsordninga skal etablerast så raskt som mogleg, og før 1. mai 2017.

Les også:  Anbodskonkurranse om drifta av Haugesund lufthamn

Les fleire nyhende om Haugesund lufthavn, Karmøy HER og HER 

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto: ©otoerres)

Reiselivsmagasinet på RadioRiksOslo skjærtorsdag 28. mars 2024

(Foto: William Bout på Unsplash )

Hvordan planlegge ferien med barn med bil? Hva du bør vurdere når du planlegger ruten. Fritid for barn i bilen

(Bildekilde: Amadeus)

Bærekraftig drivstoff – hvilken rolle spiller det for avkarboniseringen av luftfarten?

Seks  av ti båtskader i fjor var havarier. Nå starter en ny båtsesong (Fotokilde: Frende forsikring)

Påsken er sesongstart på sjøen: Båtskader for 660 millioner i fjor

(Photo by Mark König on Unsplash)

Hvor drar nordmenn på gamblingferie?