logo-white

Høyring: Dreiing av luftfartsavgiftene skal styrke konkurransekrafta til norsk luftfart

– Eg vil styrke den allmenne konkurransekrafta til norsk luftfart og betre lønsemda for kommersielle flyruter i distrikta. Difor sender vi no ut ein høyring med forslag til omlegging av dei avgiftene flyselskapa betaler for tenester frå Avinor, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Med dette følger han opp Granavolden-plattforma sin ambisjon om å restrukturere luftfartsavgiftane for å sikre auka konkurransekraft.

– Samanlikna med mange andre land i Europa lar vi flyplassane i Noreg bere ein større del av kostnadane knytt til flysikringstenestene, særleg dei såkalla innflygingstenestene. Eg vil foreslå å flytte nokre av desse kostnadane, slik at dei flya som berre flyg gjennom det norske luftrommet må dekke ein del som er meir lik det dei møter i andre land, seier Dale.

Samferdselsminister Jon Georg Dale. (Foto: Torbjørn Tandberg)

Samferdselsdepartementet foreslår i dette høyringsnotatet tiltak for korleis dette kan gjerast. I det same notatet vurderer departementet avgiftsendringar som er retta mot den svekka lønsemda for kommersielle distriktsruter.

– Eit mogleg grep er å på nytt å gje fritak frå plikta til å betale for nokre tonn av den vektbaserte startavgifta, seier Dale.

– Det vil redusere den konkurransemessige ulempa dei lette flya som vert brukt på mange av distriktsrutene har, fordi dei har mange avgiftspliktige avgangar per dag.

Fritak frå startavgifta bør være mogleg å gjennomføre raskt dersom det er nødvendig. Flytting av flysikringskostnadene er mest naturleg å gjennomføre frå 1. januar 2020 — då tredje referanseperiode av det felleseuropeiske systemet for effektivisering av flysikringstenestene trer i kraft.

Høyringa har frist 26. april 2019.

Les også: Utlysing av konkurranse om drift av regionale flyruter i Sør-Noreg (februar 2019) – Dreiing av luftfartsavgiftene for å styrke konkurransekrafta til norsk luftfart(januar 2019)

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto: Aarhus Airport)

SAS åbner en ny rute til danskernes skiparadis fra Aarhus

(Photo: Radisson Hotel Group)

Radisson Hotel Group leads growth in Q1 2024 with focus on APAC and new markets

Oslo lufthavns lounge på utland har gjennomgått omfattende oppussing (Foto:  Avinor)

Oslo lufthavns lounge på utland pusset opp

Hannover: Slott Herrenhausen med Herrenhausen hager, "Großer Garten" med fotene (Foto: ©HMTG / Hars Gerhardts)

Hannover – en by av superlativer

(Foto: Spanias Turistkontor)

På jakt etter et unikt venue i verdens mest ettertraktede møtedestinasjon?