Helga 9.- 11. september er det duka for feiring når Dyrsku`n i Seljord – Noregs største handels- og landbruksmesse fyller 150 år!
Årets program inneheld eit vidt spekter av både fagprogram, debattar, konsertar,spennande matopplevingar og aktivitetar. Familien har fått sin eigen dag, med familiedag på sundag, og på hovudscena kan du gle deg til både tradisjonelle husdyrutstillingar, festforestilling og spennande program med EAT og Gunhild Stordalen.
EAT på Dyrsku`n
«Sunn, trygg, og nok mat , berekraftig produsert og sosialt fordelt» er temaet som skal belysast og debatterast av bl.a. Gunhild Stordalen, Landbruksminister Jon Georg Dale og Ole Robert Reitan, på hovudscena i Fjoset fredag kl. 14.30. Prosjektet er eit samarbeid mellom EAT, Norsk Landbrukssamvirke og Dyrsku`n
Festforestilling og besøk frå Kronprinsparet
Ei storslagent festforestilling fredag kveld vert krona med besøk og offisiell opning av kronprinsparet. Offisielt program for Kronprinsparet vert offentleggjort på Dyrsku`n sine heimesider så snart dette er klart. Festforestillinga startar klokka 19.25 på hovudscena i Fjoset og vert avslutta med ein times lang konsert frå klokka 21.00. Programmet er opent for alle.
Bryllaup og NM i graut
Laurdag vert det tradisjonen tru arrangert bryllaup på Sterke Nils-tunet, men i år også med vigsel! NM i graut vert også arrangert på laurdag — kor mellom 15-20 deltakerar skal tevle om å bli landets beste grautkokar!
Eigen familiedag
Sundag er familiens eigen dag på Dyrsku`n . Både fredag og laurdag kan born og unge velge blant ei rekke aktivitetar , men på sundag er utvalet endå større! I tillegg set Dyrsku`n opp konsert med Mathea Mari kjent frå MGPjunior og Morgan Sulele , kjent med «landeplagen» «Bare min»
Sjølvsagt har husdyr og hest ein sentral plass i Dyrskuprogrammet. På fredag finn du dei tradisjonelle husdyrutstillingane i Fjoset og på laurdag og sundag kan du sjå nokre av dei flottaste hestane i landet når Dyrsku`n set opp både utstilling og oppvisning for både unghest, vallak og hopper.
Møteplass for framtidas landbrukÂ
På Dyrsku`n sin arena «Møt landbruket» vil du kunne sjå alt frå saueklypping til sædtapping, høyre debattar og foredrag, samt bli presentert for spennande innovasjonar innan norsk landbruk. «Kva er eigentleg trygg mat, og kva betyr brexit for landbruket?» Velkommen til spennande opplevingar i «Møt Landbruket!»
Les meir om Dyrsku`n 2016 HERÂ
Laurdag 27.08.16 vert Hopp i Høyet arrangert på Rådhusplassen i Oslo
Hopp i Høyet er eit samarbeidsprosjekt mellom Tun Media og Dyrsku`n , og har som målsetjing å spreie kunnskap og engasjement om norsk landbruk og Dyrsku`n sitt 150 års jubileum.
Program og meir informasjon om prosjektet finn du HERÂ