– Knut Sletta har lang erfaring frå offentleg forvalting, mellom anna frå samferdselssektoren rundt Oslo-området. Denne kompetansen gir han ein god og brei bakgrunn for å leie Jernbanedirektoratet, som skal utvikle jernbanen i Noreg som ein del av det samla transportsystemet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Knut Sletta - jernbanedirektør - Fylkesdirektør
Knut Sletta er tilsett som ny direktør for Jernbanedirektoratet (Pressebilde: Samferdselsdepartementet)

Fylkesdirektør Knut Sletta ble i statsråd fredag 30. april tilsett som ny jernbanedirektør for eit åremål på seks år. Han tiltrer stillinga 1.september 2021.  

Tidlegare jernbanedirektør Kirsti Slotsvik sa i november i fjor opp si stilling for å leie eit utviklingsselskap i Ålesund. Hun slutta i Jernbanedirektoratet i februar i år. Marit Rønning er fungerande jernbanedirektør fram til Sletta byrjar i stillinga.

Les også: Kirsti Lovise Slotsvik blir ny jernbanedirektør (januar 2018)

Samfunnsøkonom med lang erfaring frå offentleg forvalting

Knut Sletta er 54 år og bur på Harestua. Han blei utdanna samfunnsøkonom ved Universitetet i Oslo i 1992.

Sletta har arbeidd i alt 15 år i Kunnskapsdepartementet, inkludert ni år som avdelingsdirektør. I 2008 blei han tilsett som kundedirektør i Direktoratet for økonomistyring (no Direktoratet for forvaltning og økonomistyring), før han i 2012 blei fylkesdirektør i Akershus fylkeskommune. Sletta overtok som assisterande fylkesrådmann i 2016, og seinare fylkesrådmann. Frå 2020 har han vore fylkesdirektør for samferdsel i Viken fylkeskommune.

Om Jernbanedirektoratet

Jernbanedirektoratet har eit heilskapleg ansvar for samordning, avtalestyring og koordinering av jernbanesektoren. Ei sentral oppgåve er å ivareta direktoratets ansvar for overordna planlegging, budsjett og avtalestyring med sentrale aktørar i jernbanesektoren.

Direktoratet er Samferdselsdepartementets faglege rådgjevar i jernbanespørsmål og er tingar av tenester innan infrastruktur og persontrafikk.

Kommentarer