logo-white

Kuttar tilskot til reiselivsnæringa

Regjeringa føreslår å redusere Innovasjon Noreg sin innsats mot reiselivsmarknaden med om lag 51 millionar kroner i 2020. Ramma for Innovasjonslån skal aukas med 200 millionar kroner, til 1,4 milliardar kroner. Dette gjer at fleire innovative prosjekt kan få finansiering.

Minska innsats på reiselivsområdet heng saman med endringar i marknaden, mellom anna gjennom meir digitalisering slik at statleg marknadsføring av reisemål er mindre naudsynt. Det er også forventa fortsatt god vekst i antal utanlandske turister som kommer til Noreg det neste tiåret.

– Innovasjon Noreg skal i staden legge meir vekt på å medverke til at fleire reisemål kan ha drift heile året. Det er i tråd med regjeringa si målsetting om ein lønsam og berekraftig reiselivsbransje, sier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Omlegginga inneber også meir vekt på produktutvikling enn generell marknadsføring. Samstundes kan aktørar innafor reiselivsnæringa også gjere bruk av generelle ordningar i Innovasjon Noreg. I 2018 gjekk 315 millionar kroner til reiselivsaktørar, i tillegg til dei øyremerkja pengane.

Lån frå Innovasjon Noreg tar høg risiko og utløysar kapital frå den private marknaden. Regjeringa legg vekt på at innovasjonslån medverkar til å nå Innovasjon Noreg sine delmål om fleire gode gründerar og fleire vekstkraftige bedrifter. Framlegget gjer at ramma for låneordninga er auka med 900 millionar kroner sidan 2013.

– Ved å nytte meir lån enn tilskot kan Innovasjon Noreg finansiere fleire innovative prosjekt, og mobilisere meir private pengar til prosjekta. Blant gründerane er det fleire enn tidlegare som vel lån framfor tilskot. Samstundes ser vi at statleg tilskot kan minskas på visse område, til dømes når det gjeld marknadsføring av Noreg som reisemål. Regjeringa gjer derfor framlegg om å auke ramma for innovasjonslån, samtidig med kutt i nokre tilskotsordningar, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Innovasjonslån nyttas til innovasjonsprosjekt som gjeld etablering, nyskaping, omstilling og utvikling, der den private marknaden ikkje vil ta heile risikoen.

Innovasjon Noreg har samarbeidsavtalar med Det Europeiske Investeringsfondet (EIF) som gjer det mogleg å auke tilsegn om utlån og gje garantiar på eit høgt nivå. Avtalane inneber at Innovasjon Norge og EIF deler risikoen for tap ved tilsegn under desse ordningane. I Innovasjon Norge vert det satt av meir til tapsfond for låneordninga, slik at den verkelege risikoen i porteføljen er dekka opp.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto: Qatar Airways)

Hamad International Airport kåret til “Verdens Beste Flyplass” under Skytrax World Airport Awards 2024

(Bilde/illustrasjon: apollo reiser)

Apollo lanserer nye reiser til «Destinasjon Ukjent»

Radisson Hotel & Conference Centre Oslo Airport har 52 moderne og fleksible møterom (Foto: Radisson Hotel Group)

Erfaren hotelldirektør vender tilbake til Oslo Lufthavn Gardermoen

Røst lufthavn (Foto: Øystein Løwer/Avinor)

Daniel Østensen ny lufthavnsjef for Røst og Værøy