logo-white

Loen Shuttle – ein ny måte å oppleve Loen og Lodalen på

Fredag 1. juli startar eit nytt transporttilbod for besøkande i Loen og Lodalen. Loen Shuttle er eit tiltak frå reiselivet i Loen for redusere miljøavtrykket i dalen og forenkle logistikken.

Loen Shuttle - Turistbuss - Nordfjord - Vestland - Norge
Loen Shuttle ved Sande. Bussen vil ha tre daglege avgongar, tre gjennom Lodalen til Kjenndalstova og tre til Oppheim. (Fotokjelde: Nordfjord.no)

Enten du ønskjer å gå til Rakssetra, oppleve Lovatnet eller bade på Breng kan du i sommar la bilen stå, og hoppe på Loen Shuttle. Med ein fleksibel dagsbillett kan du reise så mykje du vil.

– Dette vert ein lettvint og fleksibel måte å oppleve området på, og det er veldig gledeleg å kunne samarbeide på tvers av reiselivsbedrifter med å få etablert eit tilbod som har vore etterspurt av besøkande, seier Jarle Grov i Loen Active AS.

– Både Lodalsvegen og Oppheimsvegen har hatt kraftig vekst i trafikken siste åra. Dette viser også trafikkteljingar vi har gjennomført i Lodalen, seier leiar Jan Heggheim.

– Dette er eit svært godt initiativ frå reiselivet i Loen, med Loen Active i spissen. No kan gjester og tilreisande la eigen bil og bubil bli ståande. Målet er mindre trafikk, redusert miljøavtrykk og ein tryggare veg, til glede for alle som brukar vegane.

Det er aktivitetsselskapet Loen Active AS som står for drifta. Sjølve idéen er eit resultat av arbeid i prosjektet “Destinasjonsutvikling Loen og Lodalen”, der Hotel Alexandra, Stryn kommune og fleire reiselivsbedrifter siste året har engasjert seg i utviklinga av området. Loen Utviklingslag leiar prosjektet.

Heggheim ser difor fram til å få kome i gang med eit tilbod som kan få ned trafikkbelastninga på dei smale vegane.

Les meir om Nordfjord HER og HER

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(foto: ©otoerres)

Reiselivsmagasinet på RadioRiksOslo torsdag 25. april 2024

(Foto: Ivan Sardi)

Økende interesse for sykkellandet Kroatia

Sykehusskip: Håndterapeut Yieddy Ferreira jobber med mobilitet sammen med en pasient (Foto: Tirsa Tapia Zamora)

Nytt sykehusskip for gratis kirurgi og opplæring i Afrika sør for Sahara

Fra mellomoppgjøret i 2023 (Foto: HK/LO)

Fare for streik i norske taxfree-butikker

Illustrasjonsbilde: Avinors elfly over Trondheim lufthavn, Værnes (Foto: Øystein Løwer / Avinor)

Norge skal etableres som internasjonal testarena for null- og lavutslippsluftfart