logo-white

LOS 300 blir utsett til 2021

Feiringa av Lostenesta sitt 300-årsjubileum vert utsett til 2021 på grunn covid-19-situasjonen. – Grunna stor usikkerheit om korleis koronakrisa vil påverke samfunnet utover sommaren og hausten, vert alle arrangement i samband med LOS 300 utsett til 2021, seier losdirektør Erik Blom i Kystverket.

Losoppdrag Honningsvåg - Lostjenesten - Kystverket
Lostenesta sitt 300-årsjublileum LOS 300 hadde planlagt rundt 50 arrangement langs heile kysten i sommar – no vert markeringane utsett til 2021. (Foto: Losbording, Anders Røeggen/Kystverket)

Lostenesta i Noreg fyller 300 år i 2020. Planen var at dette skulle feirast under fanen LOS 300 gjennom ei rekke store og små arrangement langs heile kysten, i perioden april til september. Ifølge Folkehelseinstituttet (FHI) kan arrangement som samlar mange menneske gi grunnlag for stor smittespreiing.

Sjølv om det er uvisst kor lenge denne situasjonen vil vare, er alvoret av krisa så stort og konsekvensane for samfunnet og folkehelsa så usikre, at Kystverket har valt å utsette alle dei over 50 planlagde lokale arrangementa i samband med LOS 300.

– Det er lagt ned mykje og godt arbeid som vi kan ta med oss inn i neste års markering. Det ville vere synd om alt dette var forgjeves. Ved å utsette feiringa til 2021 er håpet at situasjonen har normalisert seg, seier losdirektør Erik Blom.

Dei foreløpige planane for arrangementa, med losen som tema, vert dermed vidareførte.

– Planen er no å flytte arrangementa til våren eller eventuelt hausten neste år. Vi er først og fremst svært glade for at Kystverket vel å utsette markeringen framfor å avlyse. Nå jobbar vi for fullt vidare med å planlegge flotte markeringar over heile Noreg, og vi kan gle oss til eit spennande program neste år, seier prosjektleder for LOS 300 og leiar av Kystverkmusea, Espen Frøysland.

Sjølv om dei fysiske arrangementa no er utsett, vert det likevel planlagt ei digital markering på sjølve 300-årsdagen 29. april 2020, hovudsakleg i sosiale mediar.

Følg Los 300 på Facebook HER

Logo - jubileum - Lostjenesten - Kystverket
Lostenesta i Noreg fyller 300 år i 2020. Planen var at dette skulle feirast under fanen LOS 300 gjennom ei rekke store og små arrangement langs heile kysten, i perioden april til september.
Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(kilde: travelmarket.dk)

Dansk Flyprisindex – Uge 16 2024

(fotokilde: goturkiye.com)

Utenfor allfarvei i Tyrkia: Dra på roadtrip langs Antalyakysten

(Foto: ©otoerres)

Reiselivsmagasinet på RadioRiksOslo skjærtorsdag 28. mars 2024

(Foto: William Bout på Unsplash )

Hvordan planlegge ferien med barn med bil? Hva du bør vurdere når du planlegger ruten. Fritid for barn i bilen

(Bildekilde: Amadeus)

Bærekraftig drivstoff – hvilken rolle spiller det for avkarboniseringen av luftfarten?