Måndag 9. august starta Bent Martini som ny administrerande direktør i Havila Kystruten.

Bent Martini - Havila Kystruten
Bent Martini (foto: havilavoyages.com)

Bent Martini har brei og relevant erfaring frå maritim verksemd både på sjø og land med bakgrunn frå Forsvaret, Klaveness-reiarlaget og Hurtigruten. Martini er busett i Asker og skal vekependle til Fosnavåg og hovudkontoret til Havila Kystruten.

Då det vart kjent at Martini var tilsett som ny administrerande direktør i Havila Kystruten, sa styreleiar Per Sævik at han var glad for å ha fått på plass ein ny leiar med dei kvalifikasjonar og kompetanse som trengst for å ta selskapet vidare.

– Vi hadde fleire sterke kandidatar, og er glade for å kunne ønskje Bent Martini velkomen og med på laget. Han har erfaring og kjenner bransjen samtidig som han er nytenkande og har levert gode resultat både innan organisasjons- og teknologiutvikling.

Havila Kystruten har avtale med Samferdselsdepartementet om fire av dei elleve seglingane på kystreisa mellom Bergen og Kirkenes.

Havila bygger fire nye og miljøvenlege passasjerskip som skal trafikkere strekninga.

Flere saker om Havila Kystruten finner du HER

Flere B2B nyheter finner du HER og HER

Kommentarer