logo-white

Meir statlege midlar til Rogfast

– E39 Rogfast er eit av Noregs største samferdselsprosjekt. Det bind saman Stavanger-området med Haugalandet, gir ein større bu- og arbeidsmarknadsregion og reduserer reisetida mellom Stavanger og Bergen kraftig. Etter store kostnadsaukar i prosjektet, gir vi no meir pengar og aukar den statlege delfinansieringa i prosjektet til 40 prosent, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Rogfast - Illustrasjon - Kvitsøy - Boknafjorden
– Rogfast vert dyrare, og derfor bidreg vi med meir pengar. Saman med å auke den statlege delen i prosjektet, sørgjer vi for at staten tar dei ekstra kostnadane, seier Hareide. (Illustrasjonsfoto: Norconsult/Statens vegvesen)

Samferdselsdepartementet har i dag framlegg i statsråd om endringar i Rogfast-prosjektet. I det tidlegare vedtekne prosjektet er den statlege delen av finansieringa på 21,4 prosent. I dette framlegget foreslår regjeringa å auke delen til 40 prosent.

Tilbodet på den første store utlyste kontrakten var høgare enn venta, og kostnadane ville blitt høgare enn kostnadsramma. Da valde Statens vegvesen som byggherre å avlyse kontrakten. Dei har i tida etter avlysinga jobba med å gjere prosjektet billigare, og har kome med ei rekke kutt. Ein ekstern kvalitetssikrar har gått gjennom prosjektet.

Les også: Kostnadsoverskridelser i Rogfast: Samferdselsministeren orientert om mulige kutt

– Statens vegvesen som byggherre gjorde rett i å avlyse konkurransen. Vi må få kontroll på kostnadane i Rogfast, som i alle andre vegprosjekt i Noreg. Eg er godt nøgd med Statens vegvesen sin gjennomgang av prosjektet. Rogfast blir likevel dyrare, og derfor bidreg vi med meir pengar. I tillegg til å auke den statlege delen i prosjektet, syter vi for at staten tar dei ekstra kostnadane, seier Hareide.

Samferdselsdepartementet føreslår ei ny kostnadsramme på 24,8 milliardar kroner. Den var tidlegare på 20,8 milliardar kroner. Sjølv med dei auka kostnadane i prosjektet, er Rogfast eit samfunnsøkonomisk lønsamt prosjekt.

– Rogfast blir verdas lengste og djupaste undersjøiske vegtunnel. Det skulle nesten berre mangle at den er å finne i Noreg. Samstundes er det kva tunnelen løyser som er det viktigaste. Folk og varer kjem raskare fram. Folk kan enklare bu der dei ønskjer. Da tek vi vare på næringslivet vårt og distrikta våre, seier Hareide. 

Flere saker om Rogfast finner du HER

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

Padling er populært, her fra Sørenga i Oslo (Foto: Marius Dalseg/DNT)

Slik blir det påskestemning der du er

(kilde: travelmarket.dk)

Dansk Flyprisindex – Uge 16 2024

(fotokilde: goturkiye.com)

Utenfor allfarvei i Tyrkia: Dra på roadtrip langs Antalyakysten

(Foto: ©otoerres)

Reiselivsmagasinet på RadioRiksOslo skjærtorsdag 28. mars 2024

(Foto: William Bout på Unsplash )

Hvordan planlegge ferien med barn med bil? Hva du bør vurdere når du planlegger ruten. Fritid for barn i bilen