logo-white

MS Fridtjof Nansen er levert til Hurtigruten

Kleven Verft har levert ekspedisjonsskipet MS Fridtjof Nansen til Hurtigruten. Overlevering med flaggskifte tok stad fredag 20. desember 2019.

MS Fridtjof Nansen - ekspedisjonscruiseskip - Hurtigruten - Kleven Verft - 2019
MS Fridtjof Nansen under prøvetur i fjordene på Sunnmøre (Foto: MotionAir/Hurtigruten)

– Det er berre å gratulere Hurtigruten med eit splitter nytt ekspedisjonsskip! Det er eit fantastisk skip vi har levert – denne gangen også. Eg er utruleg stolt og imponert over jobben som er gjort av våre dyktige medarbeidarar og samarbeidspartnarar. Det å bygge eit så avansert skip er litt av ein prestasjon, seier Kjetil Bollestad, administrerande direktør i Kleven Verft.

Skipet blir levert så tidleg at Hurtigruten har bestemt seg for å lansere ei rekke eksklusive ekstraseglingar før den planlagde jomfruturen – til mellom anna dei britiske øyane og Norge.

Les også: Hurtigruten lanserer eksklusive ekstra-seilinger med hybridskipet MS Fridtjof Nansen (desember 2019)

Men fyrst kjem MS Fridtjof Nansen til å bli liggande til kai ved Kleven verft utover nyåret, der Hurtigruten vil bruke tida fram mot dei fyrste seglingane i mars til opplæring og klargjering.

Fridtjof Nansen - Roald Amundsen-Open deck - Hurtigruten - Explorerskip
Fra et evighetsbasseng som strekker seg mot horisonten helt akterut, kan gjestene på MS “Roald Amundsen” og MS “Fridtjof Nansen” oppleve den spektakulære utsikten over polarhavene på en helt ny måte. I tillegg får Hurtigrutens nye ekspedisjonsskip egen bassengbar, boblebad og god plass til å nyte både sjøluft og utsikt. (Illustrasjon: Hurtigruten)

MS Fridtjof Nansen er søsterskipet til MS Roald Amundsen, og dei er verdas fyrste hybriddrevne cruiseskip. Begge er bygde ved Kleven Verft i Ulsteinvik, og skal segle på ekspedisjonscruise for Hurtigruten – som er verdas største ekspedisjonscruise-reiarlag.

Bygd på erfaring og godt samarbeid

MS Fridtjof Nansen har blitt bygd på erfaringa frå søsterskipet, og det har gitt byggeprosessen store fordelar.

– Sidan i sommar har vi hatt ei utruleg god framdrift i byggeprosessen. Det er komplekse skip å bygge med mykje meir logistikk enn eit offshore-skip. Vi lærte mykje av å bygge det fyrste skipet, samtidig som vi gjorde ein del tiltak internt for å få betre kontroll på heile gjennomføringa. Dette har vore avgjerande for framdrifta av skip nummer to. Å levere framifrå kvalitet er utruleg viktig for oss, og vi er trygge på at det har vi gjort, seier Bollestad.

Tidligere saker: Kleven og Hurtigruten feiret milliardkontrakt: – Disse skipene vil vekke oppsikt ! (juli 2016)

– Underleverandørar, Hurtigruten og Kleven har alle hatt eit veldig godt samarbeid, og jobba mot eit felles mål – med tanke på kvalitet og leveringstid. Alle har særs god grunn til å vere stolte over jobben som er gjort”.

Søsterskipet MS Roald Amundsen vart levert i juni 2019. Design av begge skip er levert av Kongsberg Maritime AS.

Fullt av miljøvennleg teknologi

Jomfruturen for MS Fridtjof Nansen var opphaveleg planlagd frå Hamburg 1. april 2020. Etter ein vellykka prøvetur og stadfesting av leveringsdato, bestemte Hurtigruten seg for å legge til ei rekkje nye ekspedisjonscruise før den planlagde jomfruturen.

MS “Roald Amundsen” og MS “Fridtjof Nansen” får tre restauranter med menyer som gjenspeiler råvarene og matkulturen på reisemålene. Fra uformelle, sosiale møteplasser til gourmetrestauranter med internasjonale menyer inspirert av lokale råvarer og satt sammen av gjestekokker fra hele verden. (Illustrasjon: Hurtigruten)

MS Fridtjof Nansen er bygd for nokre av verdas mest krevjande og spektakulære farvatn. Skipet er fullt av miljøvennleg teknologi.

Med plass til om lag 500 gjestar i svært komfortable lugarar og suitar, er skipet bygd spesielt med tanke på ekspedisjonar der naturen og opplevingar for gjestane står i fokus.

Skipet kan gå på rein batterikraft, men hovudoppgåva til dei store batteripakkene er å få ned forbruket av drivstoff. På den måten blir utsleppa minst 20 prosent lågare enn andre cruiseskip av same størrelse

MS Fridtjof Nansen - ekspedisjonscruiseskip - Hurtigruten - Kleven Verft - 2019
MS Fridtjof Nansen under prøvetur (Foto: MotionAir/Hurtigruten)

Kleven ser framover

I ordreboka til Kleven ligg det etter levering av MS Fridtjof Nansen to store ombyggingskontrakter. Verftet bygger om eit trål/snurrevad-fartøy for NordnesGruppen, og ein lekter for Boa Barges AS. Begge skal bli levert i 2020. I tillegg jobbes det med fleire moglege prosjekt. Det blir også jobba aktivt med å få nye eigarar av verftet på plass.

– Vi har vore gjennom ei heilt utruleg reise siste 1,5 åra. Vi har levert skip med meget høg teknisk kvalitet: Ankerhandterarar til Maersk, og no to ekspedisjonsskip til Hurtigruten. Samstundes har verftet gått gjennom ei krevjande periode med restrukturering, og vi har rigga verftet for sal. Det blir per i dag jobba aktivt med å få inn nye eigarar, og vi håper dette vil løyse seg allereie i løpet av januar, seier Ola Beinnes Fosse, finansdirektør i Kleven Verft

Flere saker om Hurtigruten og Kleven Verft finner du HER og HER

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(foto: ©otoerres)

Reiselivsmagasinet på RadioRiksOslo torsdag 25. april 2024

(Foto: Ivan Sardi)

Økende interesse for sykkellandet Kroatia

Sykehusskip: Håndterapeut Yieddy Ferreira jobber med mobilitet sammen med en pasient (Foto: Tirsa Tapia Zamora)

Nytt sykehusskip for gratis kirurgi og opplæring i Afrika sør for Sahara

Fra mellomoppgjøret i 2023 (Foto: HK/LO)

Fare for streik i norske taxfree-butikker

Illustrasjonsbilde: Avinors elfly over Trondheim lufthavn, Værnes (Foto: Øystein Løwer / Avinor)

Norge skal etableres som internasjonal testarena for null- og lavutslippsluftfart