logo-white

Nattog Oslo – København mogleg

– Tenk å kunne sovne på Oslo S, bli transportert på ein klimavennleg måte om natta og vakne opp neste morgon på Hovudbanegarden i Kongens by! Men vi er ikkje der no. Først treng vi meir kunnskap om mellom anna marknadsgrunnlag og samfunnsøkonomi. Jernbanedirektoratet skal no gå i gang med dette arbeidet og kome med ei tilråding, før vi tar endeleg stilling til om vi går inn for å etablere eit nattogtilbod mellom Oslo og København, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Nattog - Sovekupe - Samferdselsdepartementet -  -Jernbanedirektoratet
For første gang på over 20 år kan det igjen bli mogleg å reise med nattog mellom Oslo og København. Avgjerda vil truleg bli tatt neste år (Foto: Njål Svingheim, Jernbanedirektoratet)

Samferdselsdepartementet bad tidlegare i år Jernbanedirektoratet om å sjå på moglegheitene for å etablere eit nattogtilbod mellom den norske og den danske hovudstaden. Tidlegare denne månaden oversendte direktoratet ein rapport, som slo fast at det er mogleg å starte opp eit slikt tilbod. No ber departementet om at Jernbanedirektoratet arbeider vidare, slik at regjeringa har eit godt kunnskapsgrunnlag til å kunne avgjere om eit nattogtilbod mellom dei to byane blir ein realitet eller ikkje.

Jon-Ivar Nygård - Statsråd - Arbeiderpartiet
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Foto: Fredrik Naumann/Felix Features)

–  Stadig fleire reisande ønskjer å kunne ta klimavenlege val også på lengre reiser. Dette har mellom anna ført til ei fornya interesse for nattog i Europa. I dag finst det ikkje eit slikt tilbod mellom Oslo og utanlandske byar. I Hurdalsplattforma er vi klare på at vi vil styrkje nattogtilbodet. Det vil difor vere positivt om dei reisande kan få eit nattogtilbod mellom Oslo og København. Det har ikkje gått nattog på denne strekninga på over 20 år. Men for å ta endeleg stilling til dette, treng vi meir kunnskap først, seier samferdselsministeren.

Skal gjennomføre marknadsundersøking

Både teknisk og juridisk ligg tilhøva til rette for å etablere eit nattogtilbod mellom Oslo og København. Ifølgje Jernbanedirektoratets rapport vil det truleg òg vere marknadsgrunnlag for dette, men at det er tilrådeleg å gjennomføre ei marknadsundersøking. Ein viktig grunn er at det  ikkje eksisterer reisevanedata på tvers av landegrensene.

Samferdselsdepartementet ber difor direktoratet gå i gang med dette. Arbeidet med marknadsundersøking vil òg vere eit grunnlag for samfunnsøkonomiske vurderingar i samband med ei eventuell etablering av nattogtilbodet.  

Behov for togmateriell

For å etablere eit nattogtilbod på strekninga, er det òg behov for å skaffe togmateriell. Samferdselsdepartementet har difor bede direktoratet om å gå i dialog med Norske tog AS for å få vurdert og eventuelt starte ein ikkje-forpliktande prosess for å kunne skaffe slike tog.

Vidare prosess

Jernbanedirektoratet har frist til 20. mai 2022 med å oversende grunnlagsmateriale med tilråding til Samferdselsdepartementet.

Fleire relaterte nyhende og artiklar finner du HER, HER, HER og HER

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto: Qatar Airways)

Hamad International Airport kåret til “Verdens Beste Flyplass” under Skytrax World Airport Awards 2024

(Bilde/illustrasjon: apollo reiser)

Apollo lanserer nye reiser til «Destinasjon Ukjent»

Radisson Hotel & Conference Centre Oslo Airport har 52 moderne og fleksible møterom (Foto: Radisson Hotel Group)

Erfaren hotelldirektør vender tilbake til Oslo Lufthavn Gardermoen

Røst lufthavn (Foto: Øystein Løwer/Avinor)

Daniel Østensen ny lufthavnsjef for Røst og Værøy