logo-white

NSB Gjøvikbanen: Rekordhøg bonus for togdrifta i 2015

– Stadig fleire vel å reise med tog mellom Oslo og Gjøvik. Bonusen til NSB Gjøvikbanen er difor fullt ut fortent. Passasjerauken på Gjøvikbanen dei siste åra tyder på at sunn konkurranse er ein god måte å styrkje togtilbodet og marknadsposisjon til toget på, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Statsråd Ketil Solvik-Olsen (foto: samferdselsdepartementet)
Statsråd Ketil Solvik-Olsen (foto: samferdselsdepartementet)

NSB Gjøvikbanen hadde om lag 1,4 millionar reiser i fjor. Dette gjer at NSB Gjøvikbanen har oppnådd rekordhøge 6,98 millionar kroner i bonus for 2015. For 2014 var bonusen på 6,5 millionar kroner. Då var talet på reiser på om lag 1,3 millionar.

I tråd med trafikkavtalen med staten vil NSB Gjøvikbanen få utbetalt bonus om selskapet får fleire passasjerar enn eit gitt referansenivå for tal på passasjerar. Tilsvarande må NSB Gjøvikbanen betale bøter om planlagde togavgangar blir innstilte. Denne rekneskapen blir gjort opp årleg.

I løpet av 2015 var det 30 innstillingar. Desse blir bøtelagd med kroner 10 000 kroner kvar. Innstillingane påførde selskapet bøter til ein verdi av 300 000 kroner i 2015.

Alt i alt betyr dette at selskapet får utbetalt 6 684 755 kroner ekstra for persontransporten på Gjøvikbanen for 2015.

Regjeringa vil leggje til rette for meir konkurranse på jernbanen 

Gjøvikbanen mellom Oslo og Gjøvik er per i dag den einaste konkurranseutsette togstrekninga for persontogtransport i Noreg. Samferdselsdepartementet inngjekk avtale med NSB Gjøvikbanen om drift av persontransport på strekninga i 2004. Selskapet har avtale med staten om å drive persontransport fram til desember 2017.

– Sunn konkurranse stimulerer til kreativitet, nytenking og betre løysingar. NSB Gjøvikbanen kan vise til flotte resultat. I regjeringa har vi blitt inspirert av dette i arbeidet med å få til ei betre organisering av jernbanen. Pendlarane og godsnæringa skal vere i fokus, slik at enda fleire vel jernbanen i åra som kjem, seier samferdselsministeren.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto: Aarhus Airport)

SAS åbner en ny rute til danskernes skiparadis fra Aarhus

(Photo: Radisson Hotel Group)

Radisson Hotel Group leads growth in Q1 2024 with focus on APAC and new markets

Oslo lufthavns lounge på utland har gjennomgått omfattende oppussing (Foto:  Avinor)

Oslo lufthavns lounge på utland pusset opp

Hannover: Slott Herrenhausen med Herrenhausen hager, "Großer Garten" med fotene (Foto: ©HMTG / Hars Gerhardts)

Hannover – en by av superlativer

(Foto: Spanias Turistkontor)

På jakt etter et unikt venue i verdens mest ettertraktede møtedestinasjon?