logo-white

Ny Nasjonal transportplan: Samferdselsministeren til Hordaland for å få innspel

– I arbeidet med ny Nasjonal Transportplan skal vi leggje føringane for landets infrastruktur fram mot 2050. Vi må sikre heilskapelege løysingar, effektiv ressursbruk, løfte vedlikehaldsinnsatsen, og sikre ein meir effektiv og miljøvennleg bruk av infrastrukturen. No skal vi samle synspunkt, idear og erfaringar frå heile landet, og torsdag skal vi lytte til synspunkta til næringslivslivet i Hordaland. Innspel frå ulike hald er med på å styrkje og utvide grunnlaget til regjeringa for å fastleggje prioriteringar og økonomiske rammer for den nye transportplanen.

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at han torsdag 7. april reiser til Hordaland. På programmet står mellom anna eit innspelsmøte for næringslivet om ny Nasjonal transportplan (NTP) i regi av NHO. Førre veke starta NTP-turneen til politisk leiing i Samferdselsdepartementet med ei reise til Agder-fylka. Hordaland er andre stopp på programmet.

– Vi skal leggje fram ein transportplan for heile landet. Som regel er det fleire ønskje om prosjekt enn det ein klarer gjennomføre på få år. Det er difor særleg viktig at regionane hjelper oss med å prioritere dei viktigaste prosjekta fyrst, samstundes som alt skal passe inn i ein samanheng på lang sikt. Eg håpar difor at næringslivet og aktørane i Hordaland klarer gi klare råd om kva for prosjekt som regjeringa bør prioritere. Erfaringane viser at i dei tilfella der ein region ikkje sjølv klarer å prioritere, så blir den jobben likevel gjort, men då av politikarar frå andre delar av landet, seier samferdselsministeren.

Ny Nasjonal transportplan blir lagt fram til neste år

I slutten av februar i år fekk Solvik-Olsen overlevert det faglege grunnlaget for det vidare arbeidet til Samferdselsdepartementet med Nasjonal transportplan 2018-2029. “Grunnlagsdokument Nasjonal transportplan 2018-2029” er utarbeidd av Jernbaneverket, Kystverket, Statens vegvesen og Avinor AS, på oppdrag frå Samferdselsdepartementet. Grunnlagsdokumentet er sendt på høyring med frist 1. Juli 2016, slik at folk og næringsliv skal få høve til å seie meininga si.

På politisk hald er arbeidet med NTP no i gang for fullt. NTP-turneen varar fram til sommaren, og regjeringa skal òg lytte til innspel frå mellom anna fylkespolitikarar. Regjeringa legg meldinga om den nye nasjonale transportplanen fram for Stortinget våren 2017.

Program for samferdselsministeren

På turen til Bergen 7. april har samferdselsministeren følgjande program:

10.15-11.00:    Synfaring – ny terminal på Bergen lufthamn, Flesland
12.00—14.00:   Innspels- og høyringsmøte om NTP 2018-2029, Scandic Hotell Neptun
14.30-15.20:    Synfaring – anleggsplass for ny Ulriken tunnel, Arna
16.00-16.50:    Opning av Simula, forskingssenter om IT-tryggleik, vitskapssenteret VilVite
17.05-17.40:    Vitje Ulriken taubane
18.00-19.30:    Debatt i Studentersamfundet om samferdsel, Det Akademiske Kvarter

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

Golf - Mallorca - Balearene - Spania

Spill golf hele året på Mallorca

Frilager er en utstyrssentral som har alt til turen. Du som privatperson, skole, lag eller organisasjon kan leie kano, telt, fiskeutstyr, turutstyr, kajakk, skiutstyr, skøyter og mye mer (Foto: Marius Dalseg)

Enklere å låne utstyr til friluftsliv

Terminalbygget på Mo i Rana lufthavn, Røssvoll (Foto: Hedda Hiller/Avinor)

Mo i Rana lufthavn Røssvoll holder stengt i hele juli

(Foto: Ģirts Raģelis)

Guide: Møt sommeren i Riga

Viking Yi Dun utenfor Shanghai (Bilde: Viking)

Viking tilbyr nå Mongolia på sine Kina-cruise