logo-white

Ny rapport om tunneltryggleik

– Noreg er eitt av landa i Europa som har flest tunnelar. Det skal vere trygt å ferdast på norske vegar, og tunnelane blir stadig tryggare. Statens vegvesen har no levert ein rapport til Samferdselsdepartementet om rutinane deira i samband med fleire steinras i tunnelar i sommar, seier Statsråd Knut Arild Hareide.

Tunnellinngang - Tunnelsikkerhet - Rapport - Samferdselsdepartementet - 2021
– Vi tek tryggleik på alvor. Derfor sender vi rapporten til Vegtilsynet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide. (Illustrasjonsfoto: Henrik Jonassen/SD)

I rapporten er Statens vegvesen tydelege på at dei jobbar kontinuerleg med forbetring av rutinar og system som skal vareta tryggleiken i tunnelar. Denne gjennomgangen av rutinane har likevel vist at det er nokon manglar. Vegvesenet har også vurdert tiltak dei kan jobbe vidare med for å hindre farlege hendingar i tunnelar i tida framover.

Samferdselsdepartementet vil no oversende rapporten til Vegtilsynet. Dei vil sjå nærare på rapporten og kome med eventuelle merknadar.

– Vi tek tryggleik på alvor. Derfor sender vi rapporten til Vegtilsynet. De har ansvaret for å føre tilsyn med norske vegar, og kan dette. Deira svar og merknadar blir viktige for oss i den videre oppfølginga overfor Statens vegvesen, seier samferdselsministeren.

Etter steinrasa i E39 Trodalstunnelen og rv. 5 Fjærlandstunnelen i sommar, bad Samferdselsdepartementet Statens vegvesen om ei utgreiing og vurdering for å avdekke og forebygge steinras i tunnelar. Det er denne rapporten dei no har levert.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(AI-generert illustrasjon)

Luftfotografi i hjemmet: En ny dimensjon av kunst og estetikk

Havila Polaris (Foto: Martin Giskegjerde/Oclin - Havila Kystruten)

Erna Solberg blir gudmor når Havila Pollux døpes i Bergen

DAT - ATR 42 - Florø - Lufthavn - Sunnfjord - Vestland fylke

FOT-rutene: Vil utrede hvordan flyrutetilbudet kan bli best mulig

(Foto: Kanchanara på Unsplash)

Kryptovaluta belønninger: En ny æra for casinolojalitet

Dronebilde tatt over  Oslo lufthavn (Foto: UAS Norway, Anders Martinsen)

Nye konserndirektører i Avinor