logo-white

Ny Tana bru er opna

– Tana bru bind Øst-Finnmark saman med Vest-Finnmark og resten av Noreg. Brua er difor eit viktig knutepunkt for både folk og næringsliv. Den gamle brua tolte ikkje så tunge lastebilar. No er ein flaskehals på E6 fjerna, så spesielt for næringstransporten er dette ein stor dag, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Nye Tana Bru - E6 - Finnmark - Åpning - September 2020
– Den gamle brua tolte ikkje så tunge lastebilar. No er ein flaskehals på E6 fjerna, så spesielt for næringstransporten er dette ein stor dag, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide. Statssekretær Ingelin Noresjø stod for den offisielle opninga av nye Tana bru. (Foto: Arne Eithun/Statens vegvesen)

Statssekretær Ingelin Noresjø stod for den offisielle opninga av Tana bru tysdag 15. september. Den nye brua erstattar den gamle brua frå 1948, og er bygd for å tole 11 gonger meir.

– Det gjer kvardagen enklare for alle som køyrer lastebil. I dag er det vanleg med større og tyngre lastebilar enn før. Når desse òg kan køyre over Tanaelva, får vi færre lastebilar på vegane. Det er betre for miljøet, seier Hareide.

I samband med brua, er det bygd gang- og sykkelveg over elva. Dei myke trafikantane får dermed ei tryggare kryssing av elva. Entreprenøren har òg hatt stort fokus på å unngå forureining i Tanaelva, som er eit av Noregs viktigaste laksevassdrag.

Det polske selskapet Vistal og det lokale HAK Entreprenør har vore hovudentreprenørar.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Kilde:/skjermdump: Flightradar24.com)

Avinor: Forsiktig åpning av luftrommet over Sør-Norge

(foto: ©otoerres)

Reiselivsmagasinet på RadioRiksOslo torsdag 25. april 2024

(Foto: Ivan Sardi)

Økende interesse for sykkellandet Kroatia

Sykehusskip: Håndterapeut Yieddy Ferreira jobber med mobilitet sammen med en pasient (Foto: Tirsa Tapia Zamora)

Nytt sykehusskip for gratis kirurgi og opplæring i Afrika sør for Sahara

Fra mellomoppgjøret i 2023 (Foto: HK/LO)

Fare for streik i norske taxfree-butikker