To heilt nye leilegheitsprosjekt i Myrkdalen blei lagt ut for sal i jula. Totalt er det 29 flotte leilegheiter i ulike storleikar fordelt på to bygg i gangavstand til skisenter og sentrum. Prosjekta er planlagd med spesiell fokus på familiar, og byr på funksjonelle løysingar og berekraftige, robuste materialar.

Oversiktskart - Myrkdalen fjellandsby - Voss - Vestland
Svoletunet er plassert like sør for sentrum i Myrkdalen Fjellandsby, med Leite like bak (Kilde: Visitflam.com)

– No lanserer me eit heilt nytt område og konsept som skal utviklast vidare, like sør for sentrum med kort veg til hotell og  stolheis,  seier  eigedomsdirektør Nils Akselberg i Myrkdalen Fjellandsby. 

Svoletunet A og Leite 2 som no vert lansert er delar av større prosjekt,  der mellom anna bygginga av fyrste byggetrinn for Leite allereie er i gang. 

Eksteriør - Svoletunet A - Myrkdalen - Voss - Vestland
Miljøillustrasjon av Svoletunet A, med Leite 2 like bak (Bilete: Myrkdalen/3D Estate)
Familievenlege fritidsbustader

Svoletunet ligg vis a vis Svolefjellet som prosjektet er oppkalla etter, like sør for Myrkdalen Hotel. Arkitekten bak er Svein Øvsthus hjå HML Arkitektur Voss, som tidlegare har forklart at dei totalt tre bygga skal danne eit rekkjetun når prosjektet står ferdig. 

– Leilegheitene i Svoletun har ein litt lågare inngangsbillett enn det me har sett i Myrkdalen tidlegare, fortel Akselberg.

Kjøkken - Svoletunet - Myrkdalen - Voss - Vestland
Praktisk kjøkken frå Sigdal i Svoletunet (Bilete: Myrkdalen/3D Estate)

Intensjonen bak Svoletunet er å nå yngre familiar som ynskjer sin fyrste fritidsbustad. 

– Dei fleste kjøparane av leilegheitene i Svoletunet C til no er i aldersgruppa 30-40 år, som tilseier at me har treft målgruppa, seier eigedomsdirektøren vidare. 

Stue - Svoletunet - Myrkdalen - Voss - Vestland
Open stove og kjøkkenløysing i Svoletunet (Bilete: Myrkdalen/3D Estate)

Bruk av trevirke og materialval i lyse fargar saman med ei fleksibel planløysing, skapar trivelege og moderne leilegheiter som kjennes romsleg trass færre kvadratmeter. 

Lun hyttekjensle 

– Leite er òg  planlagt med tanke på familiar, men gjerne heller dei litt meir etablerte, seier Nils Akselberg.

– I dette bygget er hyttekjensla sterkare. 

Endeleilighet - Leite - Myrkdalen - Voss - Vestland
Lun endeleilegheit i Leite 2 (Bilete: Myrkdalen/3D Estate)

Bak Leite-prosjektet står det også ein lokal vossaarkitekt. Sigbjørn Dugstad har teikna fleire av dei mest populære prosjekta i Myrkdalen, blant anna Klypeteigen ved Helgatun som er lik dei nye leilegheitene i Leite.

Leite vil liggje i skråninga bak Svoletunet. Her følgjer det med garasjeplass med tilhøyrande bod på bakkeplan til alle einingar,  i tillegg til ei ekstra bod tilknytt balkong eller som disponibelt rom inne. Leilegheitene varierer i storleik frå 2 til 4 soverom og har ei praktisk og fin kjøkkenløysing frå Sigdal.

Stue - Kjøkken- Leite - Myrkdalen - Voss - Vestland
Romsleg stove og kjøkkenløysing i Leite (Bilete: Myrkdalen/3D Estate)
Ein fritidsbustad for heile året

Parallelt med utvikling av skisenter og fritidseigedom, jobbar  Myrkdalen  Fjellandsby med  tilrettelegging av nye heilårsaktivitetar.  Dei siste åra har det vorte utarbeida fleire lågterskel sykkeltilbod i sentrumsområdet, med mellom anna ein 850 kvm stor pumptrack og hopplinjer. 

– I år har eg snakka med fleire eigedomseigarar som har fått ei aha-oppleving i løpet av sommaren,  fortel Akselberg. 

– Dei har tidlegare for det meste brukt fritidsbustaden vinterstid, men har no fått augo opp for Myrkdalen som sommardestinasjon. Når dei først har gjort det, er ikkje vegen lang før dei oppdagar kva resten av regionen har å by på av flotte opplevingar.

Fleire relaterte nyhende finner du HER, HER og HER

Eksteriør - Leite trinn 2 - Myrkdalen - Voss - Vestland
Miljøillustrasjon av Leite trinn 2 (Bilete: Myrkdalen/3D Estate)

Kommentarer