logo-white

Nytt stort destinasjonsselskap etableres på Vestlandet

– Styringsgruppa for «Samordningsprosjektet for Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen og Reisemål Stryn & Nordfjord» har no avslutta sitt arbeid og anbefaler å fusjonere dei 3 eksisterande destinasjonsselskapa, seier leiar i styringsgruppa Arne Aambakk.

Reint teknisk blir det foreslått ein fusjon mellom DGT og RSN som er AS i dag, og simultant med denne prosessen skyt DÅS inn sine netto eigedelar i det nye selskapet. Eigardelene i det nye selskapet fordeler seg etter bokført eigenkapital i dei tre selskapa.

Styringsgruppa for samordningsprosjektet foreslår at ny dagleg leiar for det nye fusjonerte selskapet blir Geir Steinar Vik, som er dagleg leiar i det største selskapet i dag, Destinasjon Ålesund & Sunnmøre. Vidare vil styringsgruppa anbefale at ein ved val av det første styret i det nye selskapet vel styreleiar frå Reisemål Stryn & Nordfjord, det nest største selskapet i fusjonen, og at styrerepresentasjon elles vert fordelt likt mellom dei tre destinasjonane.

Ålesund vert vertskommune for det nye fusjonerte selskapet, med satelittkontor både i DGT og i RSN.

– Vi er opptekne av å skape eit godt samarbeidsklima og vise kontinuitet med å oppretthalde viktige satelittar i eit geografisk stort område. Det nye selskapet blir blant dei største på Vestlandet, og vi ønskjer å markere oss som ein reiselivsmotor i Fjord Norge-familien», seier Aambakk.

Styringsgruppa har valt ein modell som skal styrkje marknadsføring- og sal av destinasjonen, og ein skal utvikle konsept som også skal få fram produktvariasjonane i destinasjonen; produkt basert på kyst og kystlandskap, fjord, fjell og bre og bykonsept. Dette vil få fram det unike i kvar kommune, og gje betre synlegheit for bedrifter i ulike deler av regionen.

Det blir sett ned ei gruppe med representantar frå dei tre destinasjonsselskapa som snarast skal kome fram med forslag til namn på det nye selskapet.

– Innstillinga frå styringsgruppa går no til handsaming i styra for dei enkelte destinasjonane, som så vil kalle inn til ekstraordinær generalforsamling for endelig handsaming. Vårt mål er at eit nytt fusjonert selskap er i drift frå 1.3.2015», avsluttar Aambakk.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

Sir Tim Clark - Emirates - Lifetime Achievemen - Aviation Business Awards- t Award -

Dubai, UAE og DXB er tilbake til normalen etter noen surrealistiske døgn

(Illustrasjon: Metropolis)

Lover sommerens fineste hotellnyhet

(Foto: Aarhus Airport)

SAS åbner en ny rute til danskernes skiparadis fra Aarhus

(Photo: Radisson Hotel Group)

Radisson Hotel Group leads growth in Q1 2024 with focus on APAC and new markets

Oslo lufthavns lounge på utland har gjennomgått omfattende oppussing (Foto:  Avinor)

Oslo lufthavns lounge på utland pusset opp