logo-white

Regjeringa sin redningspakke reddar ikkje reiselivet i Hardanger

Kompensasjonsordninga til regjeringa treff ikkje dei sesongutsatte reiselivsbedriftene i Hardanger. No etterlyser dei ytterligare grep for å unngå konkursar.

Visit Hardangerfjord - Trolltunga
Trolltunga (Foto: Visit Hardangerfjord)

– Regjeringa har kome med fleire gode tiltak, men den nyleg føreslåtte kompenasjonsordninga hjelper ikkje reiselivet i Hardanger. Skjer det ikkje endringar her, kjem det til å få store konsekvensar, seier Andreas Skogseth, reiselivsdirektør i Visit Hardangerfjord. 

Andreas Skogseth - reiselivsdirektør - Visit Hardangerfjord
Andreas Skogseth, reiselivsdirektør, Visit Hardangerfjord (Foto: Visit Hardangerfjord)

– Heilt urimeleg

Reiselivsdirektøren viser til at tiltakspakken i denne omgang kun gjeld frå mars til mai med utgangspunkt i omsetnad tilsvarande periode i 2019Utfordringa er at nærmare 80 prosent av omsetnaden til reiselivet i Hardanger skjer i perioden juni – august. Det gjer at dei slik ordning kan vera til stor verdi i byar og vinterdestinasjonar, men er til liten eller inga hjelp for sesongutsatte bedrifter.

Det får Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang kommune, til å reagera.

Roald Aga Haug - Ordfører - Ullensvang Kommune - Hardanger
Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang Kommune. (Fotokilde: Visit Hardangerfjord)

– Me kan ikkje ha det slik at reiselivet i distrikta vert fråskote midlar frå krisepakka medan bynære hotell får utteljing. Det er heilt urimeleg, seier ordføraren og fortsetter:

– Hardanger, som reiselivsikon, er eit sterkt merkenamn for heile Noreg. Bløminga, fjordlandskapet, Hardangervidda, Folgefonna og ikkje minst Trolltunga sel heile Noreg. Såleis skapar desse ikona store inntekter for bynære strøk, flyplassar og reiseliv generelt sett i Noreg på bakgrunn av naturen i Hardanger, forklarar Aga Haug i ei pressemelding.

Lite treffande

Kjetil R. Widding driftar Utne Hotel saman med kona Bente. Sesongen til hotellet, som er det eldste freda trehotellet i Noreg, byrjar i mai. Tiltakspakken er med andre ord lite treffande for dei.

– For vår del er det mange kostnader knytt til planlegging, marknadsføring og rigging av sesongen i fyrste halvår. Inntektene kjem ikkje inn før i slutten av mai og utover. Dette er ei stor utfordring for oss, seier Widding.

Utne Hotel - Hardanger - Bente R. Widding - Kjetil R. Widding
Bente R. Widding og Kjetil R. Widding på Utne Hotel (Fotokilde: Visit Hardangerfjord)

Må forlengast

På grunn av koronaviruset, er det svært usikkert når folk kan reisa att. Sjølv med fleire Nordmenn som potensielt ferierer i eiga land denne sommaren, vil det ikkje kompensera for dei tapte inntektene frå den utanlandske marknaden som utgjer majoriteten av hotellovernattingar i Hardanger.

Andreas Skogseth i Visit Hardangerfjord håpar no at regjeringa forlenger tiltakspakken til å vara ut 2020 for å redda reiselivsnæringa i distriktet. 

– Dersom dei ikkje gjer det, vil det vera svært kritisk for reiselivet. Ikkje berre i Hardanger, men for alle typiske destinasjonar med ein stor andel bedrifter som baserer drifta si på sommarsesongen, avsluttar Skogseth.

Les også: Reiselivet i Hardanger tapar millionar

Flere relaterte saker finner du HER, HERHER og HER

Visit Hardangerfjord - Fruktblomstring
Bløming i Hardanger (Foto: Visit Hardangerfjord)
Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto: Norwegian Air Shuttle)

Selvbetjeningskioskene på flyplassene oppgraderes

(Fotokilder: fundaciomallorcaturisme.net/related.dk)

Kulturelle begivenheter på Mallorca

(Foto: Nordic Hotels & Resorts)

Wood Hotel Bodø åpner restaurant ATTME

Kollektivt påskebad i Varberg (Foto: Natalie Greppi)

Påske i Sverige: 10 tips til påskeferie på andre siden av grensa

Seokchon Lake Park med  Lotte World's Magic Island som ligger i hovedstaden Seouls Songpa District  (Foto: Korea Tourism Organization)

Koreas turistorganisation samarbetar med AVIAREPS i Italien och Sverige