logo-white

Regjeringa vil styrke konkurransekrafta til norsk luftfart

– Eg vil styrke norsk luftfart og styrke grunnlaget for flytilbudet i distrikta. Difor legg vi no om dei avgiftene flyselskapa betaler for tenester frå Avinor, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Med dette følger han opp Granavolden-plattforma sin ambisjon om å restrukturere luftfartsavgiftene for å sikre auka konkurransekraft. 

– Samanlikna med mange andre land i Europa lar vi flyplassane i Noreg bere ein større del av kostnadane knytt til flysikringstenestene, særleg dei såkalla innflygingstenestene. Eg vil flytte nokre av desse kostnadane, slik at dei flya som berre flyg gjennom det norske luftrommet må dekke ein del som er meir lik det dei møter i andre land, seier Dale. 

Vidare innfører regjeringa avgiftsendringar som styrker grunnlaget for dei kommersielle distriktsrutene. 

– Vi vil gje fritak frå plikta til å betale for inntil 6 tonn av den vektbaserte startavgifta. Dette styrker grunnlaget for flytilbudet på dei minste flyplassane våre, seier Dale. 

Det er også fastsett at Sandefjord Lufthavn AS ikkje bli pålagt å dekke kostnader til innflygingsteneste dei er avhengige av. 

Gjennom høyringsrundene er det også kome andre innspel frå norske flyselskap som samferdselsdepartementet vil vurdere i lys av dei erfaringane denne avgiftsendringa medfører. 

Fritak frå startavgifta vil bli gjennomført med verknad frå 1. mars 2020. Flyttinga av flysikringskostnadene blir gjennomført frå 1. januar 2020 – då tredje referanseperiode av det felleseuropeiske systemet for effektivisering av flysikringstenestene trer i kraft.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

Dronebilde tatt over  Oslo lufthavn (Foto: UAS Norway, Anders Martinsen)

Nye konserndirektører i Avinor

Opel Astra Sports Tourer er en rimelig familiebil som gjorde det godt i NAFs familibiltest (foto: NAF)

Seks av 10 barnefamilier vil ha elbil

Royal Beach Club Collection vil tilby en kombinasjon av opplevelser for alle, fra slående strender og bassenger til bassengbarer, en rekke spisesteder  som restaurant, bar og salong, samt et gatemarked pluss praktiske opplevelser som tequila smaksprøver og matlagingskurs (Foto: Royal Caribbean)

Lanserer ny destinasjon i Mexico: Royal Beach Club Cozumel

Mormor och barnbarn på tåget (Bildkälla: SJ.se)

SJ släpper sommarens biljetter

(Foto: Emmie Bolmstedt/Visit Sweden)

En «swifties» guide til Stockholm