logo-white

Reiselivet i Hardanger tapar millionar

Næringa er hardt ramma av koronapandemien. Heile 97 prosent av reiselivet i regionen tapar pengar som fylgje av viruset.

Visit Hardangerfjord - Fruktblomstring
Bløming i Hardanger (Foto: Visit Hardangerfjord)

– Dette er ein veldig vanskeleg og krevjande situasjon der mange må ty til permitteringar og stenga ned drifta, seier Andreas Skogseth, reiselivsdirektør i Visit Hardangerfjord.

Brutale tider

Han og kollegaene i destinasjonsselskapet gjennomførte nyleg ei undersøking blant medlemsbedriftene sine. Totalt 35 ulike verksemder svarte på undersøkinga. Der kjem det fram at reiselivet i regionen verkeleg blør for tida:

  • 97 prosent tapar pengar som fylgje av viruset
  • Dei 35 bedriftene har fått avbestillingar og kanselleringar for om lag 60 millionar kroner fram til no
  • 64 prosent har permittert tilsette

Over halvparten har over 75 prosent færre bookingar enn på same tidspunkt i fjor. Held dette fram, vil tapet for desse 35 verksemdene ligga på godt over 100 millionar kroner berre i sommar.

– Dette er svært alvorleg. Reiselivet i Hardanger har ein omsetnad på godt over ein milliard kroner og sysselset over 1.300 personar. Dette gjer reiselivet til blant dei viktigaste næringane i regionen, opplyser Skogseth i ei pressemelding.

Andreas Skogseth - reiselivsdirektør - Visit Hardangerfjord
Andreas Skogseth, reiselivsdirektør, Visit Hardangerfjord (Foto: Visit Hardangerfjord)

Ynskjer fleire tiltak

Regjeringa har lansert tiltak som avgiftsreduksjonar, betalingsutsetjingar og kriselån, men det er ikkje nok, fryktar reiselivsdirektøren. Han viser til at mykje av inntektsgrunnlaget for årets sesong er borte, samstundes som 2021 kan verta utfordrande med tanke på etterspurnad og gjenoppbygging av næringa. No håpar han på fleire sterke tiltak og hjelpande hender frå regjeringa.

– Direkte likviditetsstønad er kritisk naudsynt for å unngå konkursar og ei tilbakesatt reiselivsnæring som det vil ta lang tid å bygga opp igjen. Mange av aktørane er hjørnesteinsverksemder i lokalsamfunna, og eventuelle konkursar vil gje store negative ringverknader i lang tid framover”.

Fokuserer på nordmenn i marknadsføringa

Destinasjonsselskapet har sjølv gjort fleire grep for å tilpassa seg den uheldige situasjonen. Blant anna jobbar dei aktivt med å nå ut til fleire nordmenn på sosiale medier og andre digitale flatar. Denne kundegruppa vert veldig viktig når reiselivet opnar dørene igjen.

– Me reknar med at det Norske folk kjem til å feriera i eige land framover, og no sit dei heime og drøymer seg bort. Difor legg me ut mykje innhald på blant anna sosiale medier”.

Visit Hardangerfjord - Trolltunga
Trolltunga (Foto: Visit Hardangerfjord)

Visit Hardangerfjord har faktisk sett ein auka aktivitet på Instagram og Facebook dei siste vekene, og brorparten av desse brukarane er nordmenn. Skogseth oppmodar difor innbyggjarane i Hardanger om å visa fram regionen på sosiale medier framover.

– Bli med på den store dugnaden og ta i bruk det lokale næringslivet. Dei er heilt avhengige av all den støtta dei kan få, avsluttar han.  

Fleire relaterte nyhende finner du HER, HER, HER og HER

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

Padling er populært, her fra Sørenga i Oslo (Foto: Marius Dalseg/DNT)

Slik blir det påskestemning der du er

(kilde: travelmarket.dk)

Dansk Flyprisindex – Uge 16 2024

(fotokilde: goturkiye.com)

Utenfor allfarvei i Tyrkia: Dra på roadtrip langs Antalyakysten

(Foto: ©otoerres)

Reiselivsmagasinet på RadioRiksOslo skjærtorsdag 28. mars 2024

(Foto: William Bout på Unsplash )

Hvordan planlegge ferien med barn med bil? Hva du bør vurdere når du planlegger ruten. Fritid for barn i bilen