logo-white

Reiselivet i stor vekst

Flåmsbana, The Fjords, Fretheim Hotel og Flåmsbanemuseet viser ein rekordomsetnad i år, og ein auke i talet på besøkande samanlikna med 2014.

Solrun Hjelleflat (visitflam.com)
Solrun Hjelleflat (visitflam.com)

– Vi har hatt den beste sommaren nokon gong. Viktige årsakar til dette er produktbetringar, fokus på kostnadseffektiv drift og god logistikk, i tillegg til eit nytt kundesenter og gode, digitale løysingar, seier Solrun Hjelleflat, administrerande direktør i Aurland Ressursutvikling AS.

Første gong over 100 millionar

Aurland Ressursutvikling hadde i 2. tertial ein omsetnad på 101,4 millionar. Sett opp mot tilsvarande periode for 2014, viser 2. tertial 2015 auka omsetnad med 27,7 millionar, og auka resultat før skatt med 29,4 millionar. Akkumulert per 2. tertial 2015 hadde konsernet ein omsetnad på 110,6 millionar.

– Det er ein milepæl for oss å passere 100 millionar i omsetnad. Det har vore ein god turistsommar i Noreg med ein vekst på nesten 10 prosent målt i talet på hotellovernattingar. Det er likevel ein beskjeden vekst samanlikna med våre tal. Det er ingen tvil om at regionen vår tek marknadsdelar i turist-Noreg, seier Hjelleflat.

Felles driftsselskap er ein viktig grunn til suksessen

– Skal ein få til helårsarbeidsplasser og ein heilårsopen destinasjon, der reiselivet i utgangspunktet er sesongprega krev det effektivisering av kostnader samtidig som ein utviklar potensialet i marknaden. Vi jobba derfor knallhardt i fjor med å samle alle driftsoperasjonar i Aurland Ressursutvikling AS i det felles driftsselskapet Flåm AS. Slik nådde vi kostnadseffektiv drift og synergiar på kompetanse. I tillegg effektiviserte vi salet ved hjelp av ny nett- og bookingplattform. Dette viste seg å vere ei god investering, seier Hjelleflat.

Hotell- og museumsvekst

Fretheim Hotel har hatt gode besøkstal og eit godt resultat for 2015. Akkumulert per august blei det seld 14 476 rom mot 12 538 rom i same periode i fjor. Ved utgangen av august 2015 hadde Fretheim Hotel ein omsetnad på 38,5 millionar mot 32,3 millionar i same periode i 2014. Flåmsbane-museet har auka besøkstalet frå 2014 til 2015 med 39 prosent. Flåm Utvikling AS har hatt ein auke på 8 prosent i talet på reisande med Flåmsbana akkumulert per 2. tertial 2015 sett opp mot same periode i fjor.

– Vi er spesielt nøgde med at Fretheim Hotel no er tilbake i pluss etter store investeringar. At Flåmsbana aukar skuldast ikkje minst at betre styring med salet har gitt betre utnytting av kapasiteten på dei mest etterspurde avgangane. Det same gjeld for The Fjords, som har levert fjordopplevingar på Nærøyfjorden, Geiranger og Lysefjorden. Flåm AS har handtert salet og kan vise til rekordomsetnad også her, seier Hjelleflat.

Auka fokus på sal

Nytt kundesenter og web-portal i 2014 med tilhøyrande organisasjon representerer eit nytt forretningsområde for Flåm AS som har gitt auke i både omsetnad og resultat for 2015. Per 31. august har salsselskapet Flåm AS selt reiser, aktivitetar, overnatting, opplevingar og suvenirar for totalt 193 millioner.

– Vår kongstanke har heile tida vore å få dei turistene som kjem til regionen, til å kjøpe fleire opplevingar i tillegg til Flåmsbana. Med den nye organiseringa ser vi at meirsalet auker kraftig og at heile regionen nyt godt av den magneten som Flåmsbana er. Potensialet i regionen vår er framleis stort, og vi held fram å investere for vidare vekst, seier Solrun Hjelleflat i Aurland Ressursutvikling.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

Padling er populært, her fra Sørenga i Oslo (Foto: Marius Dalseg/DNT)

Slik blir det påskestemning der du er

(kilde: travelmarket.dk)

Dansk Flyprisindex – Uge 16 2024

(fotokilde: goturkiye.com)

Utenfor allfarvei i Tyrkia: Dra på roadtrip langs Antalyakysten

(Foto: ©otoerres)

Reiselivsmagasinet på RadioRiksOslo skjærtorsdag 28. mars 2024

(Foto: William Bout på Unsplash )

Hvordan planlegge ferien med barn med bil? Hva du bør vurdere når du planlegger ruten. Fritid for barn i bilen