At reisende ikkje betaler på ferjesambandet Halhjem – Sandvikvåg skjer stadig oftare. No blir det tatt grep for å få bukt med problemet.
– AutoPASS finst på alle våre 16 riksvegferjesamband. Det er den reisande sjølv som er ansvarleg for å passere registreringspunktet korrekt og ha gyldig elektronisk betalingsmedium (AutoPASS-brikke eller skiltgjenkjenning) etter forskrift om transport med ferje, seier seniorrådgjevar Marte Sørø på ferjeavdelinga i Statens vegvesen.
– Vi minner også på at trafikkreglane gjelder på ferjekaiane, legg ho til.
Tatt på fersken
Det er Torghatten Nord som opererer sambandet på vegne av Statens vegvesen.
Ferjemannskapet opplever at bilistar vel å køyre utanom AutoPASS-registreringa, og at dei dermed bevisst unnlet å betale ferjebilletten.
– Ferjemannskapet har ved fleire tilfelle tatt reisande på fersken, seier driftssjef Reidar Fredriksen i Torghatten Nord Bjørnafjorden.
Dette resulterer i at de aktuelle sjåførane må betale ein tilleggstakst på 2100 kroner – i tillegg til ordinær ferjebillett.
Skannar køyretøy
Torghatten Nord har no starta å skanna køyretøya på bildekket for å kontrollere korrekt betaling.
Er det kjøretøy som har kjørt utanom AutoPASS-systemet, blir det no avdekt gjennom skanning på bildekk, og det blir skrive ut tilleggstakst.
Statens vegvesen vil også sette inn tiltak på øvrige riksvegferjesamband for å kontrollere at det blir tatt betalt for samtlege køyretøy om bord.