logo-white

Smal firefelts veg – større fleksibilitet

– Vi er opptekne av å lytte til fagfolk. Derfor følger vi anbefalinga til Statens vegvesen om å innføre moglegheita for å bygge smal firefelts veg. Det gir større fleksibilitet i utbygginga av norske vegar og kan auke den samfunnsøkonomiske lønsemda i fleire prosjekt. På den måten får vi meir igjen for fellesskapets pengar, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

4 felts motorvei - Statens Vegvesen - Smalsporet - Ny norsk standard
Aktuelle strekningar den nye vegstandarden er til dømes E39 Ålesund–Molde, E134 Saggrenda–Gvammen, E39 Mandal–Ålgård, E18 Dørdal–Tvedestrand, E6 Roterud–Øyer, E6 Ulsberg–Melhus, E6 Kvithammar–Åsen og rv.4 Oslo–Mjøsbrua. (Foto: Knut Opeide/Statens vegvesen)

Anbefalinga frå Statens vegvesen har vore diskutert i Regjeringa. No vil det bli større fleksibilitet i å bygge ut firefelts motorveg på vegar der det køyrer mellom 6.000 og 20.000 køyretøy i døgnet.

I dag er ein firefelts veg 23 m brei med ei skulderbredde (området frå vegfila til der asfalten sluttar) på over 2,75 meter. 

Vegar med 6.000 til 12.000 køyretøy i døgnet

I dag blir vegar med 6.000 til 12.000 køyretøy i døgnet bygd som to-trefeltsvegar. No vil det vere mogleg å bygge firefelts veg på desse strekningane. Firefeltsvegen skal ha ei bredde på 19,0-21,5 meter og skulderbredde på mellom 1,5 og to meter. Det vil vere mogleg med ei fartsgrense på 110 km/t.

Vegar med 12.000 til 20.000 køyretøy i døgnet

I dag blir det bygd firefelts veg på desse strekningane. Med dei nye endringane vil det vere mogleg å bygge med ein smalare firefelts veg. Vegen kan ha ei bredde på 20,0-23,0 meter og skulderbredde på mellom 2 og 2,75 m. Det vil vere mogleg med ei fartsgrense på 110 km/t.

– Eg vil understreke at dersom skulderbredda blir bygd under to meter for den smalaste firefeltsvegen og 2,75 m for den andre, må det leggast opp til avbøtande tiltak, seier samferdselsministeren.

Det vil vere Statens vegvesen som vurderer kva for avbøtande tiltak som skal nyttast på dei ulike strekningane. Det vil vere opp til den aktuelle byggherren (som Statens vegvesen og Nye Veier) å foreslå kva slags veg som skal nyttast. Samferdselsdepartementet vil ta den endelege avgjerda.

Fleire vegar er aktuelle

Fleire prosjekt som er under planlegging kan vere aktuelle for den nye vegstandarden, som til dømes E39 Ålesund–Molde, E134 Saggrenda–Gvammen, E39 Mandal–Ålgård, E18 Dørdal–Tvedestrand, E6 Roterud–Øyer, E6 Ulsberg–Melhus, E6 Kvithammar–Åsen og rv.4 Oslo–Mjøsbrua.

– For desse vegane kan den samfunnsøkonomiske lønsemda auke, som følgje av moglegheita til å bygge smal firefelt veg, seier Hareide.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto: ©otoerres)

Reiselivsmagasinet på RadioRiksOslo skjærtorsdag 28. mars 2024

(Foto: William Bout på Unsplash )

Hvordan planlegge ferien med barn med bil? Hva du bør vurdere når du planlegger ruten. Fritid for barn i bilen

(Bildekilde: Amadeus)

Bærekraftig drivstoff – hvilken rolle spiller det for avkarboniseringen av luftfarten?

Seks  av ti båtskader i fjor var havarier. Nå starter en ny båtsesong (Fotokilde: Frende forsikring)

Påsken er sesongstart på sjøen: Båtskader for 660 millioner i fjor

(Photo by Mark König on Unsplash)

Hvor drar nordmenn på gamblingferie?