logo-white

Stalheimskleiva stengt for trafikk i 2021

Stalheimskleiva vert ikkje opna for trafikk i 2021. – Dette gjeld alle formar for motorisert ferdsle, både motorsyklar, privatbilar og turistbussar, slår avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen fast.

Stalheimskleiva - historisk veganlegg - Sogn - Vestland fylke
Slik såg det ut då muren rasa ut i Minesvingen hausten 2020. (Foto: Statens vegvesen)

Bakgrunnen for avgjersla om å stengja Stalheimskleiva er ei dramatisk hending i september 2020.

Då rasa ein fire-fem meter høg mur ut i, og ein gravemaskin med førar fall 10-15 meter. Det er i ettertid avdekt fleire stader med utsette murar som kan rasa ut dersom ein set trafikk på.

Arbeidet tek tid
Stalheimskleiva - historisk veganlegg - Sogn - Vestland fylke
Minesvingen i tidlegare tider. (Foto frå Statens vegvesen sitt arkiv)

Arbeidet framover vil ta tid. Stalheimskleiva er verna og ligg i eit verdsarvområde. Dette gjer at tiltak må planleggast og godkjennast av rette instansar.

Samstundes er Statens vegvesen opptekne av å utføra arbeidet på ein måte som sikrar tryggleiken for dei som skal jobba og ferdast i området.

– Endå flottare enn me var klar over

– Arbeidet vårt har avdekt at Stalheimskleiva er eit endå flottare og endå meir fantastisk byggverk enn me har visst frå før, seier Svenn Egil Finden.

Til no ukjende høge murar både i inner- og yttersvingar har kome til syne. Minekammer frå krigen har vorte grave fram. Unike smijernsrekkverk langs vegen vart på 1930-talet delvis støypt inn i betong, og bør no få sin renessanse. Statens vegvesen samarbeider med vernemyndigheitene for å finna gode løysingar for det vidare arbeidet.

– Her må vi i fellesskap legga ein god plan for å vareta og utvikla Kleiva. Stalheimskleiva er vårt svar på Den kinesiske mur. Å ta vare på den autentiske verdien er viktig, seier Finden.

Det vil fortløpande verta vurdert om det kan leggjast til rette for annan type ferdsel i delar av kleiva.

– Men det er uansett viktig å understreka at dette er eit anleggsområde, som ein ikkje kan gå inn i utan godkjenning, strekar Finden under.

Les meir om Stalheimskleiva HER, HER og HER (eksterne lenkjer)

Stalheimskleiva - historisk veganlegg - Sogn - Vestland fylke
– Stalheimskleiva er vårt svar på Den kinesiske mur, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen. Veianlegget ble bygget mellom 1842 og 1846 og skal være et av de bratteste i hele Europa (Foto: Knud Knudsen/ frå Statens vegvesen sitt arkiv)
Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Fotokilde: BWH Hotels)

Velkommen til mathotellet i Steinkjer

(Foto: Eva Darron på Unsplash)

Slik finansierer du reisene dine ved å spille nettpoker

British Airways celebrates 70 years of flying to Chicago (photosource: ba.com)

Hvordan luftfotografering revolusjonerer kunst og design

(AI-generert illustrasjon)

Luftfotografi i hjemmet: En ny dimensjon av kunst og estetikk

Havila Polaris (Foto: Martin Giskegjerde/Oclin - Havila Kystruten)

Erna Solberg blir gudmor når Havila Pollux døpes i Bergen