Totalt 4.025 personar reiste over Stord Lufthamn i april. Samanlikna med samme månad i fjor utgjer dette ein auke på 1.144 reisande eller 39,7%. Hittil i år har det reist 15.922 personar over lufthamna. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein auke på 3.181 reisande eller 25%.
Stord lufthamn er no den lufthamna i Noreg som kan visa til den største prosentvise auken i passasjertrafikken.
Det vart i april registrerte 621 flyrørsler i luftrommet til AFIS-tenesta på Stord lufthamn. Hittil i år er det registrert 2.078 flyrørsler, dette er ein nedgong på 535 flyrørsler eller 20,5% i høve til samme periode i fjor. Nedgongen i flyrørsler skuldast mindre treningsflyging med småfly grunna dårleg flyvær.