logo-white

Storhaugekspressen i Myrkdalen

I dag opnar Storhaugekspressen i Myrkdalen noko som vil gje vesentleg betre kapasitet i skisenteret. Etter ei førjulstid prega av varmegrader og «stang ut» værmessig, har det endeleg blitt «stang inn» med både produksjon av kunstsnø og påfyll av natursnø i Myrkdalen.

Fjellstova Vetlebotn - Myrkdalen - Vestland fylke - Flåm
Fjellstova Vetlebotn utvidar opningstida frå helgedrift til fem dagar i veka (Foto: Myrkdalen)

Auka kapasitet i skianlegget

Storhaugekspressen er den siste av totalt ni heisar i Myrkdalen som opnar, og såleis blir det fulldrift i skianlegget frå onsdag. Sekssetar heisen, som ligg lengst sør-vest i anlegget, har lik kapasitet som Myrkdalsekspressen, og dette er gode nyhende for alle skientusiastar. 

– Etter ein månad med svært begrensa antal dagskort for sal, er det herleg å endeleg leggja ut fleire dagskort i nettsalet vårt, seier Kaia Finne, forretningsansvarleg i Myrkdalen Fjellandsby.

På grunn av både Covid-19 restriksjonar og få heisar i drift har skianlegget kun hatt nokre få hundre dagskort ute for sal i starten av sesongen. – Det verste har vore å avvisa folk som ikkje har fått tak i heiskort, men folk har vist forståing for situasjonen og no blir det heldigvis betre tider framover, seier ein letta Finne.

Strøkne forhold

Kuldeperioden i starten av 2021 har vore optimal for produksjon av kunstsnø og no ligg det ein god såle i løypene for resten av sesongen.

– Akkurat no er det strøkne forhold i Myrkdalen. Trakkemaskinførarane har gjort ein svært god jobb med å pakka ned snøen som kom førre helg, slik at fleire får oppleva flotte vinterdagar i Myrkdalen, seier dagleg leiar i Myrkdalen Fjellheiser, John Ivar Norheim. 

Alpinist - skisport - Myrkdalen Fjellheiser - Myrkdalen - Flåm - Vestland fylke
Fulldrift gjev auka kapasitet i Myrkdalen Fjellheiser (Foto: Myrkdalen)

Fjellstova Vetlebotn held ope onsdag – sundag

Den nye fjellstova i Vetlebotn, like ved Kari Traa-trekket, utvidar opningstida frå helgedrift til fem dagar i veka. Med plass til ca. 200 gjester utvidar dette kafékapasiteten i Myrkdalen betrakteleg, og gjestene treng ikkje stå heile vegen ned att til sentrum for å ta seg ein pause eller matbit.

– Her får ein både herleg utsikt og noko godt for ganen, avsluttar Finne.

Fleire relaterte artiklar finner du HER og HER

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

(Foto: Qatar Airways)

Hamad International Airport kåret til “Verdens Beste Flyplass” under Skytrax World Airport Awards 2024

(Bilde/illustrasjon: apollo reiser)

Apollo lanserer nye reiser til «Destinasjon Ukjent»

Radisson Hotel & Conference Centre Oslo Airport har 52 moderne og fleksible møterom (Foto: Radisson Hotel Group)

Erfaren hotelldirektør vender tilbake til Oslo Lufthavn Gardermoen

Røst lufthavn (Foto: Øystein Løwer/Avinor)

Daniel Østensen ny lufthavnsjef for Røst og Værøy