I dag opnar Storhaugekspressen i Myrkdalen noko som vil gje vesentleg betre kapasitet i skisenteret. Etter ei førjulstid prega av varmegrader og «stang ut» værmessig, har det endeleg blitt «stang inn» med både produksjon av kunstsnø og påfyll av natursnø i Myrkdalen.
Auka kapasitet i skianlegget
Storhaugekspressen er den siste av totalt ni heisar i Myrkdalen som opnar, og såleis blir det fulldrift i skianlegget frå onsdag. Sekssetar heisen, som ligg lengst sør-vest i anlegget, har lik kapasitet som Myrkdalsekspressen, og dette er gode nyhende for alle skientusiastar.
– Etter ein månad med svært begrensa antal dagskort for sal, er det herleg å endeleg leggja ut fleire dagskort i nettsalet vårt, seier Kaia Finne, forretningsansvarleg i Myrkdalen Fjellandsby.
På grunn av både Covid-19 restriksjonar og få heisar i drift har skianlegget kun hatt nokre få hundre dagskort ute for sal i starten av sesongen. – Det verste har vore å avvisa folk som ikkje har fått tak i heiskort, men folk har vist forståing for situasjonen og no blir det heldigvis betre tider framover, seier ein letta Finne.
Strøkne forhold
Kuldeperioden i starten av 2021 har vore optimal for produksjon av kunstsnø og no ligg det ein god såle i løypene for resten av sesongen.
– Akkurat no er det strøkne forhold i Myrkdalen. Trakkemaskinførarane har gjort ein svært god jobb med å pakka ned snøen som kom førre helg, slik at fleire får oppleva flotte vinterdagar i Myrkdalen, seier dagleg leiar i Myrkdalen Fjellheiser, John Ivar Norheim.
Fjellstova Vetlebotn held ope onsdag – sundag
Den nye fjellstova i Vetlebotn, like ved Kari Traa-trekket, utvidar opningstida frå helgedrift til fem dagar i veka. Med plass til ca. 200 gjester utvidar dette kafékapasiteten i Myrkdalen betrakteleg, og gjestene treng ikkje stå heile vegen ned att til sentrum for å ta seg ein pause eller matbit.
– Her får ein både herleg utsikt og noko godt for ganen, avsluttar Finne.