logo-white

Strategi for småflyverksemda i Noreg

– Småflyverksemda er både viktig i seg sjølv og på grunn av den rolla ho speler i det større luftfartsbiletet. Regjeringa vil at det skal vere gode rammevilkår for småflyverksemda i Noreg. Difor legg regjeringa no fram ein strategi som mellom anna ser på finansieringa av tenester til småflyaktivitet, og tilgangen til landingsplassar for småfly. Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at regjeringa torsdag legg fram ein eigen småflystrategi.

Stord Lufthamn (foto: ©otoerres)

Vil vurdere alternativ for framtidig finansiering av tenester

I dag opplever dei som driv med småflyverksemd press frå fleire hald. Mellom anna får privatflygarar og flyklubbar stadig meir omfattande reguleringar og får auka kostnader.

– Regjeringa vil difor, saman med Avinor, vurdere alternativ for framtidig finansiering av tenester til småflyaktivitet. Det vil mellom anna omfatte ein gjennomgang av korleis lufthamn- og flysikringskostnader relaterte til småflyaktivitet vert finansierte i andre europeiske land, seier Solvik-Olsen.

Arbeidet med å forenkle regelverket er allereie i gang, og i 2016 bad Samferdselsdepartementet Luftfartstilsynet om å starte eit nytt prosjekt for allmennflyging og luftfart (PAL II), der føremålet er å leggje til rette for allmennflyging og luftsport i Noreg, mellom anna gjennom regelverksarbeidet.

Utgreiing om landingsplassar på Austlandet

Tilgangen til luftrom og landingsplassar er også under press, særleg i det sentrale Austlandsområdet. Dette trass i at regjeringa har opna for at småfly allereie kan nytta landingsplassar utanom opningstid på 37 av lufthamnene til Avinor.

– Vi ønskjer å leggje betre til rette for god tilgang på landingsplassar for småfly. Det er spesielt utfordringar knytte til Austlandsområdet, og vi vil difor gjennomføre ei utgreiing om korleis staten best mogleg kan leggje til rette for ei permanent løysing for småflyaktiviteten på Austlandet, seier Solvik-Olsen.

Facebook
Twitter
LinkedIn

Kategorier

Stikkord

Relaterte Innlegg

Kommentarer

Ent innlegg

Havila Polaris (Foto: Martin Giskegjerde/Oclin - Havila Kystruten)

Erna Solberg blir gudmor når Havila Pollux døpes i Bergen

DAT - ATR 42 - Florø - Lufthavn - Sunnfjord - Vestland fylke

FOT-rutene: Vil utrede hvordan flyrutetilbudet kan bli best mulig

(Foto: Kanchanara på Unsplash)

Kryptovaluta belønninger: En ny æra for casinolojalitet

Dronebilde tatt over  Oslo lufthavn (Foto: UAS Norway, Anders Martinsen)

Nye konserndirektører i Avinor

Opel Astra Sports Tourer er en rimelig familiebil som gjorde det godt i NAFs familibiltest (foto: NAF)

Seks av 10 barnefamilier vil ha elbil