Stord lufthamn er den luthamna i Norge som kan visa til den største prosentvise auken i passasjertrafikken hittil i år.
I september reiste 4.397 personar med fly over Stord lufthamn, Sørstokken. Hittil i år (januar – september) har det reist 35.776 personar over lufthamna. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein auke på 7.958 personar eller 28,6 prosent.